Eksplosjon i bustadmarknaden i juni

Fleire eigedomar skifta eigar, og til høgare pris, i Fjell, Sund, Askøy og Øygarden i juni enn i månadane før. Ein samla omsetnad på 563 millionar kroner er 142 millionar høgare enn i mai. Ein vekst på 34 prosent.

Fjell og Askøy kappast om å ha største eigedomsmarknaden.

Ein leilighet i Kubbedalen 35 i Arefjord skifta eigar for 3,1 millionar kroner.
Ein leilighet i Kubbedalen 35 i Arefjord skifta eigar for 3,1 millionar kroner.

Fjell
I Fjell vart det omsett 105 eigedomar til ein samla verdi av 210 millionar kroner. Korrigert for eigedomar som vart overdrege vederlagsfritt, gjev dette ein snittpris ber bustad på 2,66 millionar kroner.

Gagstøgarden 2A på Kolltveit vart seld for 3,9 millionar kroner.
Denne einebustaden i Gangstøgarden 2A på Kolltveit vart seld for 3,9 millionar kroner.

Askøy

Langafjellet 19 i Strusshavn vart omsett for 3,9 millionar.
Halvparten av ein tomannsbustad i Langafjellet 19 i Strusshavn vart omsett for 3,9 millionar.

Dei 124 eigedomane som skifta eigar i Askøy nådde ein samla salssum på 228 millionar kroner. Bustadseljarane i Askøy oppnår framleis høgare snittpris per eigedom enn naboane i Fjell. Snittprisen i juni enda på 2,82 millionar kroner.

Øygarden
Største endringa i juni finn vi i Øygarden der talet på omsette eigedomar auka frå 45 til 68. Eigedomsmarknaden i Øygarden hadde ein samla verdi på 71 millionar kroner. Snittpris per eigedom låg på 1,7 millionar kroner.

Sund
Høgare pris kjenneteikna utviklinga i Sund. Talet på omsette eigedomar har hatt ein liten auke, men totalverdien på marknaden er nær dobla, til 53,7 millionar kroner. Seljarane oppnådde her ein snittpris på 1,85 millionar kroner.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.