Sotra-stril ny kommandant på Akershus festning

Wining & dining med Kongeparet, Erna Solberg, regjeringa, stortinget og utanlandske statsoverhovud vert ei viktig oppgåve for Ole-Asbjørn Fauske frå Ulveseth når han 1. august tek over som øverste sjef for Forsvaret si avdeling for kultur og tradisjon (FAKT).

Ole-Asbjørn Fauske har oberts grad, og kjem frå stillinga som NATO sin nestkommanderande i Sarajevo. Foto: NATO
Ole-Asbjørn Fauske har oberts grad, og kjem frå stillinga som NATO sin nestkommanderande i Sarajevo. Foto: NATO

Det er Facebooksida til Luftmilitært samfund som melder at Sotra-strilen, som i desse dagar avsluttar eit 2-årig engasjement som nestkommanderande ved NATO sitt hovudkvarter i Sarajevo, er beordra til ny post som øvste leiar for Forsvaret si avdeling for kultur og tradisjon (FAKT).

Akershus festning
Bak den tilsynelatande inkjeseiande tittelen skjuler det seg mellom anna ansvaret som kommandant for Akershus festning.

Mellomalderborga til Håkon Magnussen og Christian IV sitt renessanseslott tenar i dag som Staten sin representasjonsstad. Det er her Regjeringa markerer store jubileum, og held middagar for utanlandske statsoverhovud.

Skreddersydd for rolla
Heimefrontmuseet, museet ved Bergenhus festning og fem andre mindre museum landet over vil heretter vera Fauske sitt ansvar.

Som veteran frå Afghanistan og tidlegare korpsmusikant (!) er Fauske som skreddersydd for rolla som øverste leiar i FAKT. Forsvarsavdelinga har ansvar for Forsvaret sine åtte kommandantskap, sju museum og fem musikkorps, forutan veteranar frå Forsvaret sine mange operasjonar.

Vertskap i Sotra-bunad? I Sarajevo har Ole-Asbjørn Fauske og kona Kristin (frå Sund) representert i Sotra-bunad.
Vertskap i Sotra-bunad? I Sarajevo har Ole-Asbjørn Fauske og kona Kristin (frå Sund) representert i Sotra-bunad.

FAKT vart etablert i 2008 under forsvarsminister Kristin Krohn Devold, og skal fronta militær profesjonskultur og byggja kunnskap, interesse og gode relasjonar mellom Forsvaret og samfunnet.

Militær karriere
Ole-Asbjørn Fauske vaks opp som odelsgut på Ulveseth i Fjell, men valde tidleg å melda overgang til ein militær karriere. Han har tidlegare vore sjef for Luftkrigsskulen og hatt ansvaret for Norge sin kontingent i Afghanistan. Fauske har også vore leiar for Luftmilitært samfund.

Tunnelsyn.no har tidlegare laga eit større intervju med Ole-Asbjørn Fauske:
Vår mann i Sarajevo
Fauske i alle kanalar
Fauske om personlege relasjonar og leiing

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s