Vil ha Gamle Straumsbru utbetra

Både mjuke trafikkantar og båttrafikken gjennom Straumsundet vil tena på at Gamle Straumsbru vert utbetra i samband med etableringa av eit byggjefelt i Branndalsåsen.

Auka siglingshøgde, breiare løp og gang- og sykkelveg på toppen. Ei utbetring av Gamle Straumsbru vil vera eit Kinderegg for tryggleiken, både for mjuke trafikkantar og for båttrafikken.
Auka siglingshøgde, breiare løp og gang- og sykkelveg på toppen. Ei utbetring av Gamle Straumsbru vil vera eit Kinderegg for tryggleiken, både for mjuke trafikkantar og for båttrafikken.

Ei utbetring av Gamle Straumsbru vil vera eit Kinderegg for tryggleiken til både gåande og båttrafikken, hevdar Fjell Båtlag og Brukarane av Straumsundet i ein felles merknad til Altus Eiendom sine byggjeplanar på Branndalsåsen på Nordre Bildøy.

Trafikkfarleg
Mange skuleungar nyttar Gamle Straumsbru som tilkomst til skulesenteret på Bildøy. Brua er smal, manglar fortau og må reknast som trafikkfarleg. Brua bør utbetrast i samband med etableringa av eit byggjefelt i Branndalsåsen, framfor å laga ei ny gang- og sykkelbru lenger nord i Straumsundet.

Breiare og høgare siglingsløp
I reguleringsplanen for Straume Sjøfront ligg det inne forslag om å heva Gamle Straumsbru med to meter og å utvida breidda i siglingsløpet. Tiltak som vil retta ut siglingsleia og betra sikten, samstundes som straumtilhøva vert betra.

Gamle Straumsbru er ikkje verna. Fylkeskonservatoren har ingen innvendig mot at brua vert utbetra.

Vil forverra tilhøva
Det er ikkje bevilga pengar til tiltaket. No føreslår Altus Eigedom i staden å laga ei ny gang- og sykkelbru mellom Branndalsåsen og Straume Sjøfront.

Ei rein gang- og sykkelbru, slik det vert føreslege i planutkastet, vil bidra til ei ytterlegare forverring av farleia gjennom Straumsundet, åtvarar dei to båtbrukarorganisasjonane.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s