Rosedag på Arboretet

Vestlandsveret er heilt feil! Jordsmonnet er heilt feil! Like fullt er Rosariet i Arboretet på Milde  det einaste i Norge – og i Sverige – som er nevnt i den nye katalogen til verdas roseforeiningar over hageanlegg som er verd å besøkja.

rosesalgIkkje eingong Trädgårdsföreningen i Göteborg er nemnt i dette eksklusive internasjonale utvalet, noko Arboretet sin rosegartnar Daniel Ducrocq med sine galliske anar er strålande nøgd over. Saman med Norsk Roseforeining avdeling Hordaland var han i dag med på introdusera Rosens Dag for lokale entusiastar.

Stadig fleire tilhengjarar

Husmorrosa blømer tidleg i den historiske bakken.
Husmorrosa blømer tidleg i den historiske bakken.

Strålande fargar, fantastisk duft og fleire tusen ulike sortar. Rosa, rekna som blomane si dronning, får stadig fleire tilhengjarar her heime. I Arboretet på Milde held den tunge, nasjonale fagkompetansen til! Kva er då vel meir naturleg enn at dei er medarrangør for Rosens Dag i Hordaland?

Einkel, med du så vakker! Luktar godt gjer han og King of Scots!
Einkel, med du så vakker! Luktar godt gjer han og, King of Scots!

Rosariet har meir enn 500 ulike rosesortar, samla frå heile verda. Omvisarane Ducrocq og kollega Per Harald Salvesen kunne visa fram Villrosebakken i full blom. I den historiske bakken har sortane byrja koma, medan det enno er for tidleg for dei moderne rosene.

Rosesal

Villrosebakken har henta roser frå heile verda.
Villrosebakken har henta roser frå heile verda.

Sal av roser var det og. Roseforeininga hadde henta inn Hageland i Fyllingsdalen for å tilby gode historiske sortar og prisløna moderne roser som visstnok skal tola både vestnorsk regn og vårt sandfattige jordsmonn.

Eva Dyvik, leiar i Roseforeininga i Hordaland, strålte om kapp med sola og smilte breidt over oppslutninga.

Advertisements

1 Comment

  1. Tilbakeping: God Jul! – Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s