Sotrasambandet: Foreslår kutt i tryggleik, beredskap og miljø

02_RV555_Bildøyna
Slik tenkjer Statens vegvesen at det framtidige vegsystemet over Bildøy vil verta sjåande ut.

Gang- og sykkelbru over Straumsundet, klargjering for tovegs trafikk i ein køyrebane og fylling i staden for bru over Arefjordpollen. Dette er tiltak som trygt kan kuttast for å få ned kostnaden med det nye Sotrasambandet, ifølgje formannskapet i Fjell.

Med ein pris på ein milliard kroner per kilometer, vert nye Sotrasambandet tredje mest kostbare veganlegget i landet. I tilfelle prislappen på 8,9 milliardar vert for høg, har Statens vegvesen, på oppdrag frå Vegdirektoratet, og i forståing med Fjell, Bergen, Askøy og Hordaland fylkeskommune, utarbeidd ei felles liste med forslag til tiltak som dei meinar trygt kan kuttast.

Må kutta 500 millionar kroner
Gjennomføring av tiltaka vil kunna redusera sluttkostnaden med 500 millionar kroner, ifølgje eit notat frå Statens vegvesen som ligg ved saka. 400 millionar må hentast i Fjell kommune.

Formannskapet i Fjell hadde ingen merknad til lista då dei like før ferien vedtok å leggja framlegget til reguleringsplan ut på høyring.

Redusert tryggleik i Straume-området
Redusert tryggleik, beredskap og miljø er fellesnemnarane for tiltaka som det vert føreslege å kutta.

Tryggleiken for gåande og syklande, særleg i Straume-området, vil verta kraftig redusert, vert kuttforslaga vedteke:

Utbygginga av Nordre Bildøy vil innebera over 6.000 bebuarar og 4.000 arbeidsplassar i oamrådet. Berre ei av fire personreiser mellom kystbyen og Straume sentrum skal skje med privatbil. Ut over det skal bebuarane ta seg fram til fots eller på sykkel, eller dei skal ta bussen, framkjem det av den nyleg vedtekne mobilitetsplan for Nordre Bildøy.

Vil utsetja gang- og sykkelbru
Bygginga av ny gang- og sykkelbru frå kystbyen på Nordre Bildøy til Straume kan likevel verta utsett på ubestemt tid for å spara 54 millionar kroner.

Ein omfattande reduksjon i gang- og sykkelvegnettet i tilknyting til det nye Straumekrysset vil kunna spara 41 millionar kroner. Biltrafikken skal mellom få lov til å kryssa over gang- og sykkelvegen. Eiga gang- og sykkelbru over avkøyrsla frå lokalvegen til Straume er og eit tiltak som politikarane meinar det vil vera trygt å kutta.

Svekka beredskap
Mangel på omkøyringsvegar, kilometerlage køar og full stopp i trafikken i tilfelle ulukker og dårleg ver, har vore eit mykje brukt argument for å få eit nytt firefelts Sotrasamband.

No godtek politikarane at førebuinga for tovegs trafikk i ein køyrebane i det nye sambandet kan verta sløyfa. Svekka beredskap i tilfelle ulukker på heile strekkja Kolltveittunnelen – Storavatnet vil kunna redusera sluttkostnaden med 158 millionar kroner.

Miljø
Arbeidet med Sotrasambandet vil generera enorme mengde overskotsmassar som Statens vegvesen vil få store problem med å verta kvitt. På Straume skal Stovevatnet fyllast att, men framleis har dei ein million kubikk med stein til overs. I Bergen mobiliserer dei breidt for å sleppa meir stein i Liavatnet.

Bru er dyrare enn fylling. Reguleringsplanen, slik han føreligg, legg opp til å byggja to parallelle bruer på henhaldsvis 140 og 125 meter frå det nye Straumekrysset og inn til Knarrvikatunnelen. No vurder politikarane korvidt det vil vera mogeleg å byta ut bruene med ein lang fylling, tilsvarande den som går over dagens R555. I så fall vil dei verta kvitt store delar av steinmassen, samstundes som dei vil kunna spara ytterligare 92 millionar kroner på å velja ei teknisk rimelegare løysing.

Ei fylling over indre Arefjorden vil i så fall få store konsekvensar for miljøet, og er det tiltaket som det vert knytta størst usikkerhet til, i følgje notatet frå Statens vegvesen.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.