Farlege lyskastarar på Bildøy

Lyskastarane på idrettsplassen på Bildøy heng og sleng i vinden og kan detta ned kva dag som helst. Området bør sikrast før det skjer ei alvorleg ulukke.

Området nedanfor mastene bør sikrast, seier Jarlud Auestad som er nabo til idrettsplassen på Bildøy.
Området nedanfor mastene bør sikrast, seier den erfarne vedlikehaldseksperten Jarlud Auestad som og er nabo til idrettsplassen på Bildøy.

Nabo Jarluf Auestad i Bjørkestølen er uroleg over tryggleiken til ungdomane som nyttar idrettsplassen på Bildøy.

Heng etter sikringsfestet
Lyskastarane på dei høge mastene som omgjev idrettsplassen endrar retning når det bles. Slik skal det ikkje vera. Nede frå bakken kan det sjå ut til at fleire av lysarmaturane berre heng etter kjettingen som skal fungera som sikringfeste. Sjølve festet er røke. Ryk kjettingen også, er det ingenting som kan hindra at  lyskastarane fell rett i bakken.

– Lyskastarane er store og tunge. Deisar ein av dei i bakken, og det tilfeldigvis står nokon i nærleiken, kan det skje ei alvorleg ulukke, fryktar Auestad.

Må sikra området
Pensjonisten Auestad har hatt vedlikehald og HMS som arbeidsoppgåver gjennom mange år og veit å kjenna att ein tryggleiksrisiko når han ser ein.

Tidleg i vår varsla han Fjell kommune om det han oppfattar som ein tryggleiksrisiko for ungane som nyttar idrettsplassen. Kommunen har vore og sett på det, men så langt har ingenting skjedd.

– Området bør sikrast inntil kommunen får gjort noko med saka, seier Auestad.

Gløymt av Fjell kommune
– Det verkar som om Fjell kommune har gløymt idrettsplassen på Bildøy etter at anlegget på Straume vart teke i bruk, seier Auestad.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s