Opplev Nordsjøhagen

Akkurat no er det rosetid i Nordsjøhagen. Hageeigar Egil Asbjørn Sæle får rugosarosa Hansaland til å trivast med Nordsjøen som nabo.
Akkurat no er det rosetid i Nordsjøhagen. Hageeigar Egil Asbjørn Sæle får rugosarosa Hansaland til å trivast med Nordsjøen som nabo.

Med fleire hundre sortar lyng og rododendron er det alltid noko som blømer, uansett når på året du vitjar Nordsjøhagen på Sæle. Heilt nordst i Øygarden har Egil Asbjørn Sæle laga største lynghagen i Norge.

Soga om Nordsjøhagen starta etter at Egil Asbjørn Sæle flytta heimatt til odelsgarden. i 2003 saga han ned eit felt med sitkagran og bestemte seg for å kle den snaua sørhellinga med hagevekstar.

Heile året

Ein fint oppbygd naturhage. Foto: Egil A. Sæle.
Ein fint oppbygd naturhage. Foto: Egil A. Sæle.

Første vårlyngen blømer i januar, så følgjer trollhassel i februar. Den tidlege rododendron spring ut i mars, saman med krokus, tulipanar og andre løkblomar. Fram mot jonsok vert det berre meir og meir rododendron.

I juli er det tid for roser, stauder, hortensia, syrin og snart kjem purpurlyngen, røsslyngen og … Først i desember blømer siste røsslyngen av.

purpurlyng
Purpurlyng.

Barskt klima
Med Nordsjøen som næraste nabo var det ein føresetnad for val av plantar at dei måtte kunna overleva isnande nordavind med saltsmak i drevet. At det skulle vera noko som blømer storparten av året, var og eit mål, fortel Sæle.

Purpurlyngen, Norges sjeldnaste lyngsort veks vilt i området, det same gjer røsslyng og klokkelyng. Lyng peika seg difor raskt ut som ei art å satsa på. Etterkvart har han fått til Norges største lynghage, med meir enn 100 ulike sortar. Av purpurlyng aleine har han 10 forskjellige sortar.

Snart blømer purpurlyngen på taket av den gamle jordkjellaren. Foto: Egil A. Sæle.
Snart blømer purpurlyngen på taket av den gamle jordkjellaren. Foto: Egil A. Sæle.

Ulike lyngsortar er planta overalt i den sju mål store hagen. Berre på taket til den gamle jordkjellaren finn vi meir enn 30 sortar.

Smittsam hobby
Opp gjennom åra har Sæle skrapa berg, flytta mold og bygd opp ein naturhage. Vi går gjennom hagen på knapt synlege stiar.

Ikkje alt er gjort aleine: Egil Asbjørn Sæle har ein smittsam hobby. Når dei fem vaksne ungane med familiar er på besøk, ventar det gjerne ei økt eller to med trillebår og mold under negla.

Lyng
Lyngen trivest langs Atlanterhavskysten. På begge sidene av Nordsjøbassenget har han gjennom fleire tusen år vore dyrka som forplante til sau. Kultiveringa av nye sortar meint for hagebruk starta i England for meir enn hundre år sidan, fortel Sæle.

Samlinga på Sæle er blitt bygd opp mellom anna gjennom utveksling av informasjon med medlemmane i The Heather Society, og årlege studieturar til England.

Eksotisk

Koeragran
Koeragran

På botnen av skråninga finn vi ei lun slette med eit heilt anna klima. Her har Sæle planta roser, stauder, hortensia, klokkebusk og klematis. Koreansk gran og tulipantre er noko av dei meir eksotiske artane hageeigaren varsamt puslar om.

Juni står i rododendroen sitt teikn. Foto: Egil A. Sæle.
Juni står i rododendroen sitt teikn. Foto: Egil A. Sæle.

I denne delen av hagen er det likevel rododendroen som dominerer. Her kan han visa fram meir enn 100 artar med over 150 ulike sortar.

Besøk Nordsjøhagen
Nordsjøhagen er mykje besøkt av hagelag og foreiningar. Ønskjer du å besøkja Nordsjøhagen kan du kontakta Egil Asbjørn Sæle for omvising. Nytt gjerne høvet til eit besøk på Adnestova, for ei innføring i historisk levemåte og byggeskikk i Øygarden før utskiftninga på slutten av 1800-talet.

Les meir:
Sæle sine råd for korleis du kan lukkast med lyng i hagen.

Siste røsslyngen blømer i desember. Foto: Egil A. Sæle.
Siste røsslyngen blømer i desember. Foto: Egil A. Sæle.
Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s