
Mange av oss har kjøpt lyng på hagesenteret om hausten og blitt skuffa over at han ikkje overlever vinteren. Å lukkast med lyng heime i hagen er likevel ikkje noko stort mysterium, skal vi tru Sæle:
Ikkje noko mysterium
– Lyng trivest i godt drenerte skråningar, men du bør passa på å planta han om våren, slik at rotsystemet får utvikla seg før vinteren kjem. Du treng ikkje planta så tett. Trivest han, vil du etter nokre år oppleva at plantane veks saman til store felt, slik at du slepp å luka, smiler Sæle.
Hagesentrene sel gjerne helst lyng om hausten, når han blømer. Å planta lyng på hausten er likevel ikkje særleg smart om du vil ha han fleire år. Unnlat også å kjøpa eittårig sør-afrikansk lyng som ikkje toler vårt klima, råder gartnaren i Nordsjøhagen.
Gode sortar
Her er Sæle si liste over gode lyngartar i vestnorsk kystklima:
Erica Carnea – hardfør vårlyng
Erica Darleyensis – vanleg vårlyng
Erica Vagans – sjeldan, veldig hardfør med fine rosa/lilla blomar
Erica Cinerea – purpurlyng
Erica Tetralix – klokkelyng
Calluna – røsslyng – den vanskeligaste å få til, og den dei sel mest av på hagesentre.

3 Comments