Elbilane vinn kampen om nybilkundane i Region Vest

Med Tesla har draumen om å køyra sportsbil blitt mogeleg å realisera. Produsenten er den fjerde mest populære i Region Vest.
Med Tesla har draumen om å køyra sportsbil blitt mogeleg å realisera for stadig fleire. 37 nyregistreringar gjer produsenten til den fjerde mest populære i Region Vest.

Stadig fleire oppdagar fordelane med å køyra elbil. Talet på nyregistrerte elbilar i Region Vest vart nær dobla i første halvår samanlikna med same perioden i fjor. Elbilane står no for 47 prosent av det totale nybilsalet. Asketappane er dei ivrigaste kjøparane, med Fjellsokningane eit hakk bak.

Dette framkjem av ein oversikt Opplysningsrådet for Veitrafikken har utarbeida for Tunnelsyn.no.

Til saman vart det registrert 414 nye elbilar i dei fire kommunane vestfor Bergen i dei seks første månadane i år, mot berre 233 i same perioden i fjor.

Askøy
Flest elektriske personbilar vart det registrert i Askøy. Her auka salet av nye elbilar frå 130 i fjor til 248 dette året. Volkswagen var føretrekt produsent hos meir enn halvparten av kjøparane, og det merkjet som har hatt sterkast vekst volummessig. Nissan og Renault følgjer på andre og tredje plass på salsstatistikken.

Fjell
Også i Fjell har elbilane i kollektivfeltet klart å køyra forbi sine bensindrivne konkurrentar. Her vart det likevel berre registrert 143 nye elbilar, mot 80 i fjor.

Volkswagen fekk ein overlegen siger også her, med 53 prosent av totalsalet, og med Nissan og Tesla eit godt stykke bak.

Øygarden
I Øygarden er det registrert åtte nye elbilar i år, mot seks til same tid i fjor. Kvar tredje bil var ein Nissan. Renault og Volkswagen deler andreplassen.

Sund
Sund var einaste kommunen der det vart registrert færre nye elbilar i år. Ifjor tok 17 nye elbilar til å rulla på asfalten i kommunen. I år var talet berre 15.

Volkswagen var mest populære produsenten her og, med over halvparten av marknaden, med Tesla og Nissan på delt andreplass.

Les også:
Nybilsalet: Strilane kjøper trygt

 

Advertisements

6 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.