Nybilsalet: Strilane kjøper trygt

Med dei nye ladbare Golf-modellane har Volkswagen utklassa konkurrentane i nybilmarknaden i Region Vest i første halvår.

Nye ladbare modellar har gjeve Volkewagen og Golf nye musklar og auka konkurransekraft. Foto: Volkswagen.
Nye ladbare modellar har gjeve Volkewagen og Golf nye musklar og auka konkurransekraft. Foto: Volkswagen.

Dette framkjem av eit oppsett over nyregistrerte personbilar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som Opplysningsrådet for Veitrafikken har utarbeida for Tunnelsyn.

Totalt vart det registrert 872 nye personbilar i regionen i dei seks første månadane i år. Ein vekst på 21 prosent samanlikna med same perioden i fjor.

Tre av ti
Golf er ein av verdas mest selde bilar gjennom tidene. Introduksjonen av dei nye ladbare modellane har bragt den tyske bilprodusenten tilbake på toppen av pallen siste året. Salet er nær dobla samanlikna med same perioden i fjor.

Tre av ti nyregistrerte bilar i dei fire kommunane var ein Volkswagen, og av dei var heile 85 prosent ein ladbar modell.

Med 92 og 82 nyregistrerte bilar, tek Toyota og Nissan begge kring ti prosent av marknaden i regionen.

Øygarden
Både i Askøy, Fjell og Sund trona den tyske bilprodusenten einsam på toppen av pallen. Einast i Øygarden klarte Toyota og Volvo å halda unna for konkurrenten.

Hos strilane i nord var det berre ein svært beskjeden auke i bilsalet i fjor. Her måtte Volkswagen finna seg i å dela tredjeplassen med Nissan og Mazda.

Askøy
Sterkast vekst i bilsalet har det vore i Askøy, med 33 prosent. Her vart det seld 429 nye bilar, mot berre 322 i same perioden i fjor. Sterkaste veksten var i talet på elbilar.

Kvar tredje nye bil i kommunen var ein Volkswagen, ei tilnærma tredobling samanlikna med i fjor.

Fjell
I Fjell byrjar innbyggjarane å merka nedgangstidene i offshorebransjen. Veksten i nybilsalet i første halvår var på berre 17,8 prosent. Totalt vart det registrert 351 nye bilar i kommunen.

Volkswagen gjort det minst like bra som i Askøy. I Fjell auka talet av nyregistrerte VW-modellar frå 32 til 96.

Sund
Sund var einaste kommunen i regionen med nedgang i bilsalet. 59 nyregistrerte bilar var 11 færre enn i same perioden i 2014.

Kvar femte nye bil i kommunen var ein Volkswagen.

 

Les også:
Elbilane vinn kampen om nybilkundane i Region Vest.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.