Vil byggja Kleppestø-byen som OPS-prosjekt

Askøy kommune samtalar med Selvaag Bolig AS om etablering av eit felles utviklingsselskap. Intensjonen bak OPS-planane er å sikra at gigantplanane for Kleppstø-byen vert realisert, samstundes som kommunen håpar å tena på verdistiginga på eigedomane.

Ordførar Siv Høgtun og rådmann Odd Magne Utkilen i Askøy har store visjonar for Kleppestø-byen. Fleire planar har blitt presentert, så langt utan at nokon konkrete utbyggingsplanar er politisk vedtekne.

Sterk lokal motstand
Sentralt i rådmannen sine planar for Kleppestø står utbygging på Maltvikaneset og den sokalla Shell-tomten. Begge områda er i dag i privat eige.

Får rådmannen det som han vil i planleggingsprosessen, kan kommunen ekspropiera dei åtte privateigde einebustadane på Maltvikaneset for å verkeleggjera byplanane.

Kleppestø Vel har mobilisert mot utbyggingsplanane, særleg den delen som omfattar Maltvikaneset. Velforeininga har fått utarbeida ein alternativ plan til ei mindre omfattande utbygging som ikkje omfattar Maltvikaneset.

Vil sikra gevinst
Askøy kommune har alt brukt over 12 millionar kroner på planlegginga av nye Kleppestø Sentrum.

Gjennom ein utviklings- og utbyggingsprosess skjer det ei betydelig verdiutvikling på dei involverte eigedomane. No vil kommunen sikra seg størst mogeleg gevinst på utlegga:

– Slik en ser det vil det kunne være større mulighet for maksimal avkastning på en eiendom ved å være med gjennom hele verdiskapingen frem til sluttproduktet legges ut for salg i markedet. Dette skreiv rådmannen i eit notat til formannskapet 16. juni der han diskuterer ulike sals- og samarbeidsformar med ein privat utbyggjar.

På partnarjakt
Rådmannen og teknisk avdeling har alt vore i kontakt med fleire mogelege utbyggingspartnarar som kan bidra til å verkeleggjera planane for Kleppestø sentrum.

Seinast like før ferien hadde kommunen møte med Oslo-selskapet Selvaag Bolig AS som mellom anna har vore ein sentral aktør i utviklinga av det eksklusive bustadområdet Tjuvholmen i Oslo.

Jan Thorsen, som bur på Maltvikaneset, har tidlegare sagt til Tunnelsyn at dei fryktar nettopp eit slikt offentleg-privat samarbeid.

Sikra kontroll
Ved å inngå samarbeidsavtale med ein stor privat aktør som både har finansiell kapasitet, kompetanse og erfaring til å gjennomføra slike store utviklings- og utbyggingsprosjekt, vil kommunen kunna sikra kontroll over gjennomføringa av prosjekta, skriv rådmannen.

Askøy kommunale Eiendomsselskap AS er det organet som Askøy kommune bør nytta for innta ei rolle som aktiv eigedomsutviklar, mellom anna i Kleppestø Sentrum, vedtok formannskapet like før ferien.

Det vert lagt opp til at Askøy kommunale Eiendomsselskap skal ha negativ kontroll i framtidige fellessatsingar med kommersielle aktørar. Det vil seia at kommunen skal eiga minst ein tredel av aksjane.

Ikkje første gang
Dette er ikkje første gang temaet om byutvikling i Kleppestø sentrum står på dagsorden. Så seint som i 2008 måtte rådmannen skrinleggja planar om eit omfattande samarbeid med NCC.

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s