Straumkundane tenar på politisk krisemaksimering

Sotrastrilar, til likes med nordmenn flest, gleder seg i desse dagar over ei historisk lav straumrekning. Av og til kan det likevel vera freistande å utbryta: Kva sa eg!

Damanlegga fløymer over. Mykje nedbør og overproduksjon gjer flytande kraftpris til eit lønsamt val for norske straumkundar.
Damanlegga fløymer over. Mykje nedbør og overproduksjon gjer flytande kraftpris til eit lønsamt val for norske straumkundar.

Like over årtusenskiftet var situasjonen motsett. Kraftprodusentane dramatiserte situasjonen: Kraftmangel trua landet, og eg var ein av journalistane som nørte opp under krisestemninga. ”Alle” var samde om at kraftprisen kom til å stiga til himmels. Skulle Ola Nordmann klara halda varmen når vinteren kom, var det naudsynt med omfattande strakstiltak.

Grøne sertifikat
Stortinget svara med å innføra grøne sertifikat. Dei ville stimulera til auka utbygging av fornybar energi og nedbygging av olje- og kol.

Nye og strengare krav til energibruk i bygningar skulle samstundes medverka til å få nordmenn til å spara på straumen.

Massiv utbygging
Etter ti år med massiv utbygging av vasskraftverk i alle storleikar, kombinert med innføring av omfattande energisparetiltak, er den overhengjande trusselen om nasjonal kraftmangel snudd til eit kraftoverskot.

Etter ein sjaldant snørik vinter renn vatnet som skulle ha gjeve pengar i kassen til kraftverkseigarane, i staden over kanten av bassenga og ut i elvar og vassdrag.

Marknadsmekanismane fungerer
Dei grøne sertifikata har bidrege til å auka tilbodet av vasskraft på marknaden. Parallelt med utbygginga har kraftprisane sunke til eit nivå kundane ikkje har opplevd maken til i dette tusenåret. Potensielle småkraftutbyggjarar ser det ikkje lenger som lønsamt å leggja elvane sine i rør.

Dei som ropar høgast
Men situasjonen er sjeldan så einkel som han kan framstå ved første augekast. Dei som roper høgast, har gjerne eigne interesser dei ønskjer å fremma.

Det mangla ikkje på dei som åtvara mot innføringa av grøne sertifikat, eller som ønska ei meir målretta ordning: Som redaksjonelt ansvarleg for nettstaden Skråblikk.net gav eg ordet til fleire:

Mot sin hensikt
– Innføring av grønne sertifikater i energimarkedet vil virke mot sin hensikt. Sertifikatene vil føre til lavere strømpris og økt enerigforbruk, snarere enn å bidra til redusert forbruk, hevda forskningssjef Torstein E. Bye i Statistisk Sentralbyrå i eit intervju 10. november 2004.

Ukontrollerbar utbygging
Grøne sertifikat vil føra til ei ukontrollerbar utbygging, åtvara professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen, Eirik Schrøder Amundsen 20. januar året etter.

– Direkte subsidier i form av investeringsstøtte eller produksjonstilskudd vil gi et langt mer forutsigbart resultat. Da vil det være mulig å bestemme hvor mange kWh man ønsker å produsere, og til hvilken pris, argumenterte Amundsen.

Ser oss råd til å sløsa
Men verken mikro- eller makroøkonomiske argument nådde fram til politikarane. I 2015 er det berre å konstatera at marknadsmekanismane fungerer, og at straumkundane sit att som vinnarane etter den politikse krisemaksimeringa.

Situasjonen er derimot lite grei for vestlandsbøndene som har investert i småkraftutbygging i håp om å kunna leva av odelsjorda. For dei må det vera ei mager trøyst at  Ole Nordmann installerer varmekablar i innkjørselen, og at sjølv minstepensjonistar ser seg råd til å sløsa med straumen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s