Etter mange år med heftige omplantingar, byrjar Atle Fjæreide omsider å verta nøgd med rosehagen heime på Bleikaneset. Denne sommaren skal han berre nyta, nesten…

Kjend for sitt engasjement og store kunnskap om roser, er Atle Fjæreide ein populær føredragshaldar i hagelaga kringom på Vestlandet. Tunnelsyn har vitja han heime i hagen på Bleikaneset, heilt vest på Sotra.
Liten og intens

Sjølv kallar Atle Fjæreide einebustadtomten i byggjefeltet ein cottage hage – liten og intens. Her har han og kona Johanne tenkt kreativt for å skapa rom for både menneskjer og flest mogeleg plantar. Ingen plen som treng klippast, berre blomar planta så tett-i-tett at han knapt treng tenkja på å luka.
Moderne roser
Både klima og jordsmonn stiller krav til kva roser som kan trivast ute i havgapet.
– Historiske rosene er fine. Dei duftar godt, ja. Men dei får lett sopp, og dei toler dårleg regn, argumenterer han for korleis hagen har utvikla seg, med fleire hundre ulike moderne rosesortar.
Atle Fjæreide er ein type som tek ein hobby heilt ut. Det har difor blitt eindel roser som kjem og roser som går opp gjennom åra, medgjev han.
Verdifull erfaring

– Prøving, javel, men ikkje feiling! Slett ikkje! All erfaring er verd å ta med seg! Få, om nokon, i Norge har like brei erfaring med moderne roser som eg, seier Atle Fjæreide.
– Eg er nyfiken etter å prøva ut nye sortar med eksotiske fargar og spesielle bladfargar. Eg har alltid hatt auge for å plukka ut det spesielle, seier han.
Over 1000 ulike sortar har truleg vore innom hangen før han no, omsider, byrjar verta nøgd.
Harmonisk
Gult, oransje, rosa og lavendel er fargane som dominerer denne sommaren. Det er blitt lengre mellom dei kvite rosene. Det raude er og tona ned.
– Det vert litt personleg dette. Tidlegare gav hagen eit meir kaotisk inntrykk. No er fargane meir harmonisk og reflekterer kvar eg er no – i harmoni med meg sjølv, smiler han.
Prøvehage for Tantau
– Tantau og Kordes er dei produsentane som har flest roser eigna for vårt klima. Dei er sunne og toler godt regn utan å få sjukdomar. Austin og Paulsen har og laga nokre juvelar, seier rosedyrkaren som i fjor vart vald ut til å vera norsk prøvehage for nettopp Tantau.
– Ikkje misforstå. Eg er ikkje redd for å prøva ut andre oppdrettarar. Sjølv om dei er ukjente, kan dei overraska. Dei kan ha laga fantastiske roser, utbryt han.
Gjev livskvalitet
At han har ein kostbar hobby, vil han ikkje høra snakk om. Det finst andre hobbyar som er minst like dyre:
– Rosehagen gjev ein enorm livskvalitet. Eg får bruka kreativtiteten min, smiler han. Då får det berre vera at han kunne hatt ein dyrare bil, eller ei hytte…
Bløming fram til jul

I midten av juli står rosene på Bleikaneset fulle av knoppar. Største fargeprakta ligg enno 2 – 4 veker fram i tid.
To omgongar med fullgjødsel i vår har resultert i fleire knoppar enn Atle Fjæreide har opplevd noko år tidlegare.
– Vi treng ein mild haust. Bløminga kjem ikkje til å vera over før til jul, smiler han.
Anbefalte roser:
Kordes: Wintersonne – bleik gul
Gold Mari – sterk gul stilkrose
Traumfrau – raud klaserose
Tantau: Maria Theresia – rosa
Baronesse
Lucky – lavendel stilkrose, eksepsjonelt regnsterk
Austin: Queen of Sweeden – lys gulrosa stilkrose
Teasing Georgia – gul buskrose
Paulsen: H.C. Andersen – raud klaserose
Sofia Renaissanse – gul