Ferjeavløysingsmidlar kan gje 600 millionar til fastlandssamband

Den nye ordninga med ferjeavløysingsmidlar også på fylkesvegnettet kan gje inntil 600 millionar til bygging av fastlandssamband frå Lerøy over Bjelkarøy til Hjellestad.

Ferjeavløysingsmidlane vil kunna finansiera eit samband frå Lerøy over Bjelkarøy til Hjellestad. Foto: Google Maps.
Ferjeavløysingsmidlane vil kunna finansiera eit samband frå Lerøy over Bjelkarøy til Hjellestad. Foto: Google Maps.

Øybuane på Lerøy og Bjelkarøy i Sund kan gå utanom alle offentlege prioriteringar på vegbudsjettet. Dei treng ikkje venta i køen, verken på NTP eller fylkesbudsjettet, såframt Sund og Bergen berre klarar verta samde om ein reguleringsplan, fortalte stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (FrP) dei frammøtte på dagens informasjonsmøte.

Utanom køane
– Vegsambandet som skal erstatta Sundferja kan i teorien stå ferdig før det nye Sotrasambandet, seier Sund FrP sin ordførarkandidat Svein Otto Jacobsen til Tunnelsyn.no.

Direkte statstilskot

Helge Andre Njåstad.
Øybuen Helge Andre Njåstad var saksordførar få ordninga med ferjeavløysingsmidlar vart utvida til også å gjelda fylkesvegnettet.

Staten har lenge ytt direkte tilskot til bygging av vegsamband som kan erstatta ferjestrekkjer i riksvegnettet. Austevollingen Njåstad var saksordførar då Stortinget like før sommaren utvida ordninga til også å gjelda fylkesvegnettet. Samtidig vart tilskotsordninga forlenga frå 30 til 40 år.

15 millionar årleg
Stortinget løyver i snitt 15 – 18 millionar kroner til drifta av kvart einaste av dei 123 ferjesambanda i Norge. 15 millionar kroner over 40 år gjev totalt 600 millionar til bygging av eit vegsamband til øyane Lerøy og Bjelkarøy, kalkulerer Njåstad.

Det burde halda. I 2012, då dette vegsambandet sist stod på dagsorden, vart det kalkulert at ein undersjøisk tunnel frå Hjellestad til Bjelkarøy, og vidare til Lerøy, ville kosta 372 millionar kroner.

Vil ikkje kryssa Lerøyosen
Noko samband i sør vert det likevel ikkje. Pengane strekk ikkje til noko ferjefri kryssing frå Klokkarvik til Hjellestad, ikkje som følgje av denne ordninga. Den kilometerbreie Lerøyosen vil framleis skilja dei to øyane ute i Raunefjorden frå kommunesenteret i Sund.

Spara halv dag
Eit fastlandssamband, sjølv om det går til Bergen, vil likevel vera å føretrekkja framfor eit ustabilt ferjesamband med lange opphald mellom avgangane, var dei mange øyfolka som var møtte fram samde om.

– Om dette viser seg å vera noko anna enn valflesk, vil det kunna spara oss for ein halv dag når vi har ærend på kommunehuset, sa ein av dei frammøtte lerøybuane.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s