Pangstart på valkampen

Sund FrP og ordførarkandidat Svein Otto Jacobsen fekk ein pangstart på kommunevalkampen då dei inviterte til informasjonsmøte om fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy.

Svein Otto Jacobsen
Går arbeidet med ein reguleringsplan raskt, kan Lerøy og Bjelkarøy få fastlandssamband før det nye Sotrasambandet står ferdig, seier ordførarkandidat Svein Otto Jacobsen i Sund FrP.

Trass i at møtet vart halde ein fredag ettermiddag i ferietida hadde eit 20-tals interesserte funne vegen til kommunehuset i Skogsvågskiftet.

Saksordførar frå øykommune
Til å innleia møtet hadde sundsokningane invitert stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad frå øykommunen Austevoll. Han var saksordførar då Stortinget i vår utvida ordninga med ferjeavløysingsmidlar til også å gjelda fylkesvegar.

Fredag ettermiddag ikkje noko hinder. Eit 20-tals frammøtte, flest frå Lerøy og frå andre politiske parti, hadde møtt fram for å få med seg FrP sitt forslag til finansiering av fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy.
Fredag ettermiddag ikkje noko hinder. Eit 20-tals frammøtte, dei fleste frå Lerøy og frå andre politiske parti, hadde møtt fram for å få med seg FrP sitt forslag til finansiering av fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy.

I det lenge etterlyste øysambandet har FrP i Sund funne ei valkampsak som er sikra brei tverrpolitisk oppslutnad, i det minste i det eksisterande formannskapet. Både ordførar Anne Kari Landro (H), Nina Glesnes (A), og Kjell Arve Vorland (Sp) var tilstade i salen:

Tverrpolitisk semje
– Folk på øyane kan vera sikre på at det er tverrpolitisk semje om denne saka. Eit samrøystes formannskap vedtok nyleg å gripa det høvet som no opnar seg, og gå vidare og få utarbeida ein reguleringsplan så raskt som mogeleg, sa Vorland.

– Dei raudgrøne sat i posisjon i åtte år. Du kan jo spørja kvifor det ikkje var dei som fekk gjennom denne utvida ordninga, oppsummerte øybuen Helge Andre Njåstad etter møtet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s