NHO kommunebarometer: Fjell best i vest

Fjell held posisjonen som den overlegent mest veldrivne kommunen i region vest, sett med NHO sine auge. Askøy og Sund har teke krafttak for å verta betre, medan Øygarden har falle kraftig i landssamanheng.

nhologo1_RGBFjell har klatra frå 15 til 13 plass på NHO sitt kommunebarometer sidan i fjor. I Hordaland er det berre Austevoll (6) og Bergen (12) som vert høgare rangert.

22 indikatorar
NHO rangerer norske kommunar etter attraktivitet og vekstkraft på grunnlag av 22 indikatorar på dei fem områda næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Siste tala er frå 2014.

Fjell
Sidan første gong kommunebarometeret vart offentleggjort i 2009, har Fjell klatra frå 26 plass på den nasjonale kommunerangeringa.

Fjell har hatt framgang og kjem gjennomgåande godt ut på alle dei overordna måleområda. Best kjem kommunen ut når det gjeld demografi, altså vekst i folketal, netto innflytting, alderssamansetning i arbeidsmarknaden og prosentvis andel innbyggjarar over 80 år.

Arbeidsmarknaden er Fjell sitt svake punkt. Dette er einaste området der kommunen har hatt tilbakegang sidan 2009. Kommunen dett heilt ned på 73 plass målt etter tal på sysselsette i prosent av folkemengda i yrkesaktiv alder, sjukmeldte, uføre, arbeidsløyse og arbeidsmarknadsintegrasjon.

Askøy
Askøy har klatra 15 plassar sidan 2013 og ligg no på 59 plass på kommunebarometeret. Også Askøy kjem svært godt ut når det gjeld demografi.

Sidan første samanlikninga i 2009 har kommunen særleg betra vilkåra for næringslivet.

Overraskande nok vert kommuneøkonomien vurdert som Askøy sitt sterkaste kort. Når NHO vurderer kommunen sine administrasjonsutgifter per innbyggjar, eigedomsskatt på næringseigedom, inntekter samanlikna med kommunen sine driftsutgifter og kommunal betalingsevne, kjem Askøy ut på ein 15 plass i landsmålestokk.

Gjeld per innbyggjar inngår ikkje i vurderinga.

Sund
Sund er den kommunen i region vest som har hatt største hoppa på målinga. I år kjem kommunen på 189 plass, etter å ha klatra 18 plassar sidan i fjor. I 2009 vart kommunen rangert på nittiande plass i landssamanhang.

I likhet med dei øvrige kommunane i regionen, er demografi kommunen sitt sterkaste konkurransefortrinn. Næringslivet kjem framleis godt ut når det gjeld verdiskaping, nyetableringar, privat kjøpekraft og privat sysselsetjing. Her er det likevel ein klar tilbakegang samanlikna med 16 plassen i 2009.

Øygarden
Øygarden finn vi heilt nede på 257 plass, etter å ha falle heile 67 plassar samanlikna med fjoråret.

Best ut kjem Øygarden når det gjeld demografi. Kommuneøkonomien har betra seg veldig samanlikna med første målinga då kommunen havna heilt nede på 424 plass. Vilkåra for næringslivet har derimot blitt kraftig svekka.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s