Eigedomsmarknaden held temperaturen

Statens kartverk har hatt det travelt i sommar med å registrera nye eigedomshandlar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden. Heile 307 eigedomar fekk ny eigar i juli. Samla verdi av dei selde og overdregne eigedomane var på 536,8 millionar kroner. I tillegg vart det omsett 11 burettar verdsette til 14,9 millionar kroner.

EigedomssalEin kjølig sommar har tydelegvis dempa forventningane hos seljarane. Sjølv om fleire eigedomar skifta eigar, har snittsummen på dei omsette eigedomane gått noko ned.

Talet på omsette burettar har auka jamnt og trutt sidan Tunnelsyn.no byrja ta temperaturen på den lokale bustadmarknaden i april i år. Askøy og Sund er dei kommunane som i aukande grad satsar på denne forma for bustadbygging,

Fjell
Til saman 114 eigedomar i Fjell skifta eigar i juli. Det er ein svak auke frå månaden før. Samla omsetningssum enda på 209 millionar kroner.

Snittsummen per eigedom enda på 2,377 millionar kroner. Beløpet er korrigert for eigedomar som vart overdregne vederlagsfritt, og sal som omfatta fleire eigedomar. 26 eigedomar vert overdrege vederlagsfritt.

Høgaste salssummen oppnådde Skogedalsvegen 32 A med 7,35 millionar.

Askøy
Talet på selde og overdregne eigedomar i Askøy haldt seg stabilt i sommarmånaden. 128 eigedomar skifta eigar, for ein samla sum av 249 millionar kroner.

Her vart 32 eigedomar overdrege vederlagsfritt. Askøy har framleis høgaste pris per selde eigedom. Gjennomsnittspris i juli enda på 2,594 millionar kroner.

Seljaren av Askvegen 7 oppnådde høgaste salssummen, med 6,6 millionar.

Sund
Den samla eigedomsmarknaden i Sund utgjorde 38,4 millionar kroner i juli. 32 eigedomar skifta eigar, til ein gjennomsnittleg pris på 1,48 millionar kroner.

Høgast pris fekk seljaren av Altersmyrvegen 26, med 3,7 millionar kroner.

Øygarden
Ei markant nedkjøling skjedde i Øygarden. Talet på omsette og overdregne eigedomar vart halvvert samanlikna med juni. Utviklinga kan truleg forklarast med at Øygarden framleis er ein attraktiv hyttekommune, med størst aktivitet i marknaden tidleg på sommaren.

Totalt 33 eigedomar skifta eigar, til ein samla sum av 40,1 millionar kroner. Snittpris for dei selde eigedomane var 1,67 millionar kroner. Ni eigedomar var overdregne vederlagsfritt.

Høgast pris oppnådde Lammetøkje 2 som vart seld for 3,325 millionar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.