300 unge manglar læreplass

– Verksemdene på Sotra og i Øygarden bør tenkja breiare. Kan hende har dei plass til ein lærling innan kontor og administrasjon, logistikk eller ikt, oppfordrar Grethe Bjorøy i opplæringskontoret Live2learn.

logistikk_læreplass
Logistikk er eit heller nytt fag ein kan ta fagbrev i. Mange verksemder på Sotra treng å profesjonalisera dette arbeidet.

350 ungdommar frå regionen har søkt om læreplass gjennom vårt lokale opplæringskontor Live2learn denne sommaren. Så langt har dei berre klart å sikre læreplass til 30 – 40 av dei, seier dagleg leiar Grethe Bjorøy.

Halvert tilbod
Lærlingesituasjonen speglar utviklinga i offshorebransjen, som har vore dominerande aktørar innan faglopplæringa i regionen. Så langt denne sommaren har Live2learn berre klart å tilby halvparten så mange læreplassar som i fjor, sukkar ei fortvila Bjorøy.

Opplæringskontoret er oppteken av å utvida satsinga til nye fagområde. Læreplass som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage er eit nytt tilbod i år, og her er det framleis mogeleg å verta teken opp, for dei som kan tenkja seg ei slik utdanning.

Bjorøy ser og for seg at det kan vera eindel verksemder som har behov for lærlingar innan kontor- og administrasjon, logistikk eller ikt.

Treng praksis
For unge som vert ståande utan noko å gjera til hausten kan situasjonen vera alvorleg. Praktisk arbeid kan for mange vera eit alternativ til å falla ut av skulesystemet.

grethe bjorøy - litenLive2learn samarbeider med fagopplæringskontoret i Hordaland. Fylkeskommunen er pliktig til å skaffa eit tilbod til ungdom med rettar i det vidaregåande skulesystemet, men det omfattar berre dei som er fødde i 1997. Vidare opplæring i skule kan vera løysinga for mange. Utfordringa er å skaffa dei tilstrekkjeleg og variert praksis slik at dei kan gå opp til fagprøven.

Tilskot
Læreverksemder får 50.000 kroner i tilskot. Til gjengjeld må dei forplikta seg til å betala lærlingen løn gjennom læretida.

– Ungdommen er framtida vår. Dei vert verande her såframt dei berre får seg utdanning og jobb, seier Bjorøy.

Live2learn har for tida 150 lærlingar fordelt på 20 fag utplassert i 45 medlemsverksemder.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s