Navarsete til Periferien

Er stordrift i ferd med å verta ei ferdigtygd sanning som ingen lenger stiller spørsmål ved? Årets Periferikonferanse ser ikkje kommunesamanslåing og storkommunar som noko fasitsvar.

periferikonferansen_logoKva betyr storleik, for næring, kultur og politikk? Spør arrangørane av årets Periferikonferanse som har fått temaet ”Stor og slagkraftig eller lukkeleg som liten?”

Spørsmålet om storkommunar er heitare enn nokon gong, men i Periferikonferansen sin heimkommune Sund er ingenting avgjort.

Tverrpolitisk
helga pedersenFor å få innspel i debatten og motvekt til den lokale Høgre-dominansen, har arrangørane henta inn mellom anna Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant og tidlegare leiar for Senterpartiet, og Helga Pedersen, stortingsrepresentant og tidlegare nestleiar i Arbeiderpartiet.

Jon Askeland, ordførar i Radøy og leiar for regionrådet i Nordhordland, vert einaste mann i det kvinnedominerte panelet.

Arbeid til alle?
Kan hende er det meir interessant med tunge nasjonale næringar som marin, maritim og subsea? Marit Warncke, dagleg leiar i Bergen Næringsråd, og Owe Hagesæther, dagleg leiar i GCE Subsea, vil fortelja kva vekstmogelegheitar dei ser i åra framover.

Konferansen vert halden 21. August.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s