Raseringa av Nordre Bildøy har starta

Dei to høgspentlinjene frå Straume til Bildøy skal leggjast i bakken.
Dei to høgspentlinjene frå Straume til Bildøy skal leggjast i rør i bakken.

Gravemaskinene har innteke den skogkledde åsen mellom R555 og skuleområdet på Nordre Bildøy. Heile åsen skal vekk. Anleggsmaskinene har tilkomst over idrettsbana, og snart byrjar skulane att…

I desse dagar held Veidekke på å laga anleggsveg inn i Branndalsåsen, som Altus Eiendom planlegg å byggja ut med eit 1000-tals bustadar.

Tilkomst over idrettsbana
Naboane likar ikkje det dei ser. Frå seks om morgonen til seint på kvelden køyrer tunge anleggsmaskiner til og frå over idrettsbana som tilhøyrer Fjell ungdomsskule og Sotra vidaregåande. Ei bane som vert mykje nytta både i skuletida og på kveldstid.

Slik ser Statens Vegvesen for seg at området skal verta sjåande ut når det nye Sotrasambandet står ferdig. (sett frå vest)
Slik ser Statens Vegvesen for seg at området skal verta sjåande ut når det nye Sotrasambandet står ferdig. (sett frå vest)

Første steg i anleggsarbeidet er å leggja dei to høgspentlinjene frå Straume til Bildøy i kabel. Etter det står spreng-og-lag-by-tiltaka i kø. Byggjefeltet i Branndalsåsen, nytt Sotrasamband, og så dei 6000 nye bustadane på nordsida av R555…

Heile den grøne åsen skal sprengjast vekk. Det vert knapt eit einaste grønt grasstrå att mellom all asfalten og betongen. Det er så trist…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s