Kommunalminister Jan Tore Sanner, frisleppet ditt av garasjebygging har ført til mange konflikter. Du som meinar slike situasjonar kan løysast over hagegjerdet. No treng eg di hjelp.
Etter mykje om og men og naboprotestar fekk naboen løyve til å byggja garasje ein meter frå grensa mi. Bygget skal stå på mur, og vil få ei høgde på nærare seks meter. (Kor mykje er usikkert)
Ein meter er ein meter, ikkje sant? Det meinar ikkje naboen. No har han byrja laga mur 20 centimeter frå grensa. Synes du det høres greit ut, Sanner?
Då tiltaket først kom på dagsorden, i fjor vinter, gjorde naboen alt for å unngå merknadar. Ja, han hevda beint fram at merknadane mine var ugyldige. Då eg tok direkte kontakt, fekk eg melding om å kyssa han ein viss stad…
Synes du slikt høres greit ut, Sanner?
PS. Sak er meld til Fjell kommune som ulovleg bygging.