Seks blåblå kutt i lokaldemokratiet

Ei handfull færre kommunestyrerepresentantar i Fjell og redusert innsynet i Bergen kommune. Det går ein raud tråd gjennom den blåblå politikken: Lokaldemokratiet skal svekkast. Du og eg skal få enno mindre å seia over utviklinga på heimstadane våre.

Kva skjer med lokaldemokratiet når stadig færre skal bestemma over stadig fleire? Erna og hennar regjeringskollegaer synes i stor grad å ha trylla vekk dette grunnleggjande spørsmålet i haustens valkamp. Spørsmålet er hyperaktuelt i desse dagar.

Bestemma – ikkje delegera
Val kvart fjerde år er eit dårleg utgangspunkt for eit levande lokaldemokrati. Lokaldemokrati – det er å vera med på å bestemma – ikkje berre passivt å delegera ansvaret til andre. Lokaldemokrati inneber å ha ei hand på roret når dei store og overordna vedtaka for lokalsamfunna våre skal fattast. Kven som skal levera kollektivtransporten, om det er kommunen eller fylkeskommunen, er mindre viktig.

Gruppeleiar Svein Otto Jacobsen i Sund FrP lovprisar den blåblå regjeringa for å vera meir lydhøre for innspel frå grasrota enn dei føregåande. Faktum er at Solberg og Jensen og deira partikollegaer siste året har fremma og velsigna ein serie tiltak som alle, kvar for seg, tek ein solid jafs av dine og mine rettar til innsyn og deltaking i lokaldemokratiet.

Færre kommunestyrerepresentantar
I kommunane i region vest har dei folkevalde evaluert ordninga med folkevalde representantar.

Det er for mange folkevalde, laud konklusjonen. I Fjell skal talet på kommunestyrerepresentantar reduserast frå 45 til 35. I Sund og Askøy skal dei gjennom tilsvarande nedskjæringar. Resultatet kan verta at fleire mindre parti som representerer viktige synspunkt og interesser i lokalsamfunnet, kan forsvinna ut av kommunestyret.

Færre kommunar
Samstundes kjører Erna på med krav om kommunereform og færre kommunar. 50 kommunesamanslåingar er eit minstekrav, skal vi ha håp om å unngå tvangsekteskap over kommunegrenser, lyder siste meldinga frå Regjeringskorridorane.

Dei kommunane som går med i ei samanslåing, vil oppleva at talet på folkevalde i den nye storkommunen vert ytterlegare redusert. Frå å ha eit eige kommunestyre, vil dei sitja att med ei handfull representantar i ei felles folkevald forsamling.

Ei ordning med kommunedelstyre vil ikkje kunna kompensera for tapet av lokal påverknad og innsyn på overordna nivå.

Å henta inn tilfeldige personar frå gata, slik det har vore føreslege, vil heller ikkje fungera. Skal lokaldemokratiet fungra, trengs det både engasjement og, ikkje minst, kunnskap. Innbyggjarane treng ikkje lett manipulerbare gisslar som kan medverka til å halda liv i illusjonen om eit lokaldemokrati.

Redusert innsyn
Diverre er ikkje austevollingen Helge Andre Njåstad er fullt så demokratisk innstilt som hans partikollega i Sund gjerne vil ha det til.

I vår klarte Stortinget, med Njåstad som ein av frontfigurane, å få redusert innsynsretten i tidleg fase i saksgangen i kommunar styrt etter ein parlamantaristisk styringsmodell, som Bergen.

”Lovforslaget handler om å gjøre rettstilstanden lik for parlamentarisk styrte og andre kommune”, skriv innsynsmotstandarane Martin Smith-Sivertsen, Harald Schelderup (Ap), Tor Woldset (Frp), Julie Andersland (V) og Marita Moltu (KrF) i eit innlegg i BT.

Akkurat, ja. Fjell vert styrt etter den sokalla formannskapsmodellen. Innbyggjarar som lenge har site med kjensla av at ting er vedtekne før dei kjem opp til politisk debatt, fekk omsider bekrefta at den politiske debatten i stor grad vert styrt av uformelle innspel i korridorane på rådhuset.

Dobbeltroller i politikk og næringsliv
Då er vi inne på eit fjerde tiltak som bidreg til å svekka lokaldemokratiet: Aukande aksept for personar med dobbeltroller både i politikk og næringsliv. Trenden er at personar med makt i næringslivet i aukande grad søkjer seg til politikken for å styrkja si eiga makt.

Forvaltningslova regulerer kven som er habile til å delta i sjølve avstemminga i folkevalde forsamlingar. Lova seier ingenting om kven som skal kunna delta i og påverka den politiske debatten på beslutningsnivå.

Vi har lover som regulerer anledninga til politisk korrupsjon. Grensene for når Martin Smith-Sivertsen eller Ernst Morten Einarsen bør få munnkorg for ikkje å framsnakka rammebetingelsar og overordna økonomiske bevilgningar til gagn for eigne utbyggingsprosjekt, er i beste fall gjenstand for juridisk hårkløyveri.

Mindre medverknad i Plan og bygningslova
Kommunalminister Jan Tore Sanner sin ”garasjeparagraf” og oppfordringa om å ta grensegangen av eigne interesser versus naboen sine over hagegjerdet, tør vera kjent. For å gjera det lettare for utbyggjar, har ministeren gått langt i å knebla naboane sin mogelegheit til å klaga og påverka ting som kan få konsekvensar for verdien av eigen eigedom.

Mindre omsnakka er kravet om stadig fleire og meir overordna planar. Vedtaka skal flyttast til eit høgare nivå, utanfor innsyn for folk flest og med minimal anledning til påverknad. Med ein overordna plan i ryggen, kan Roald Stenseide og co ropa så mykje dei berre vil om sjølvråderett over eigen eigedom. Den overordna planen han sjølv har vore med på å vedta i fylkestinget kan lett koma til å fungera som eit kommunalt overformynderi.

Ei utvikling som opnar døra for nettopp politikar i dobbeltroller, og for profesjonelle lobbyistar for kapitalsterke særinteresser.

Overordna norsk lov
Til sist: Regjeringa si iver etter å innføra internasjonale handelsavtaler som vil vera overordna norsk lov, er førebels siste punkt på lista over blåblå tiltak som vil svekka lokaldemokratiet.

Vedtek Stortinget at Norge skal gå med i det nye internasjonale økonomiske fellesskapet The Transatlantic Trade and Investment Partnership, vil utanlandske selskap kunna hoppa bukk over norsk lov og heile det norske rettsapparatet dersom det vert gjort eit politisk vedtak, til dømes i Fjell eller Askøy, som ikkje går i dei internasjonale aktørane sin favør.

Karakteristisk nok legg den blåblå regjeringa opp til at Norge skal tilslutta seg ordninga utan at saka er behandla i overordna nasjonale fora.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s