Grunnleggjande ueininge om kommuneøkonomien

NHO sitt kommunebarometer er Askøy kåra til best i vest på økonomi med ein 15. plass. I Riksrevisjonen derimot, får kommunen si høge lånegjeld og avgrensa økonomiske handlingsrom dei raude lampane til å lysa.

For Øygarden er situasjonen motsett. Øygarden er den kommunen i region vest som kjem best ut på Riksrevisjonen sin oversikt. NHO rangerer likevel Øygarden heilt nede på ein 366 plass i kommuneøkonomi. Eigentleg burde øygardsstrilen jubla, for få år sidan låg kommunen heilt på botn i NHO sin oversikt over samtlege 425 norske kommunar.

Grunnleggjande ueinig

Riksrevisor Per-Kristian Foss er oppteken av kommunane sin gjeldsituasjon og økonomiske handlingsrom. Foto: Riksrevisjonen.
Riksrevisor Per-Kristian Foss er oppteken av kommunane sin gjeldsituasjon og økonomiske handlingsrom. Foto: Riksrevisjonen.

Samanliknar vi kommunebarometeret med Riksrevisjonen sin rapport om kommunane sitt låneopptak og gjeldsbelastning som kom i vår, ser vi at NHO og Riksrevisjonen er grunnleggjande ueinig om kva indikatorar som kjenneteiknar ”god” kommuneøkonomi.

Attraktiv for næringslivet
Det er ståstaden som avgjer. NHO-sjef Kristin Skogen Lund rangerer norske kommunar ut frå vekstkraft og kor attraktive dei er for næringslivet. Fem av dei 22 indikatorane som inngår i vurderinga har samanhang med kommuneøkonomien.

Gjeldsbelastning og handlingsrom
Riksrevisjor Per-Kristian Foss er oppteken av at kommunane ikkje må oppta større lån og påta seg ei tyngre gjeldsbelastning enn dei klarar å handtera.

For å få eit mest mogeleg dekkjande bilete av situasjonen, inkluderer oversikten kommunale føretak, som vatn og avløp, interkommunale selskap og interkommunale samarbeid.

Innebygde motsetnadar
Samanliknar vi dei to variabelsetta, ser vi at det kan vera innbygde motsetnadar mellom vurderinga av det som vert målt. Det som får Skogen Lund til å jubla, kan får riksrevisor Foss til å skjæra tenner i fortviling over manglande politisk grep, eller omvendt.

Tenestekvalitet uvesentleg
Ein fattig kommune som Askøy, med lite økonomisk handlingsrom, vil nødvendigvis måtta snu på kronene og kutta kostnadane også til administrasjon. Dette vil NHO vurdera som positivt, uansett om det går ut over kvaliteten på tenestene eller ikkje.

Eigedomsskatt

NHO-sjef Kristin Skogen Lund premierer Askøy for ikkje å ha innført eigedomsskatt. Foto: NHO.
NHO-sjef Kristin Skogen Lund premierer Askøy for ikkje å ha innført eigedomsskatt. Foto: NHO.

Øygarden lever godt på eigedomsskatten frå oljerelatert verksemd. Ei inntekt NHO straffar kommunen for.

Eigedomsskatt kunne ha medverka til å utvida det økonomiske handlingsrommet i Askøy, men det har kommunen ikkje innført. Slik vert kommunen meir attraktiv for næringslivsorganisasjonen.

Dette måler Riksrevisjonen:
• Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter (gjeldsnivå)
• Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter
• Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter (kommunens økonomiske buffer)

Ifølgje riksrevisjonen ser den økonomiske helsesituasjonen for dei fire kommunane i region vest slik ut, målt etter 2014-tal innrapportert til KOSTRA.

2014 Gjeldsnivå Driftsresultat Disposisjonsfond
Fjell                 86,7        0,8       7,9
Sund                68,6        1,8       4,4
Øygarden        53,7        5,9       2,6
Askøy               121,7       1,3       0,2

Øygarden er den kommunen i region vest som kjem best ut, med lågast gjeld og høgast driftsresultat. Disposisjonsfondet er rett nok berre på 2,6 prosent, men likevel stort nok til å sikra kommunen eit visst handlingsrom i tilfelle redusert skatteinngang eller uventa kostnadar.

Askøy på OBS-lista
Med kombinasjonen gjeldsnivå over 75 prosent av brutto driftsinntekter, driftsresultat på berre 1,3 prosent og eit disposisjonsfond på berre 0,2 prosent, havna Askøy, som einaste kommune i region vest, på lista over 73 kommunar med høg gjeld og lite økonomisk handlingsrom. Dette er kommunar som Riksrevisjonen vil følgja nøye med i tida framover.

Fjell var og i ein utsett posisjon, men vart berga av disposisjonsfondet.

Dette måler NHO:
• Netto driftsutgifter til administrasjon per innbygger
• Skatt for annen eiendom per sysselsatt etter arbeidssted
• Inntekter fra eiendomsskatt, inntekt og formue, andre salgs- og leieinntekter i prosent av driftsutgifter
• Kommunens kjøp av tjenester fra private i prosent av brutto driftsutgifter
• Arbeidskapital fråtrekt premieavvik i prosent av brutto driftsinntekter

Tunnelsyn har bedt NHO om, men ikkje fått, verdiane for kvar av dei fem indikatorarne som inngår i næringslivsorganisasjonen si vurdering av kommuneøkonomien i dei fire kommunane.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s