Vil starta nytt havneselskap saman med Lindås

Fjell bør gå ut av samarbeidet med Bergen og omland havnevesen. Kommunen bør i staden danna eit nytt havneselskap saman med Lindås. No vil rådmannen ha ut anløpsavgifter som er innbetalt i kommunen og som ikkje er pløyd tilbake i form av lokale havnetiltak.

Offshorefartøy på rad og rekkje i Kristiansund havn. Foto: Svein Ludvigsen
Som medlem i BOH har Fjell kommune generert fleire titals millionar kroner anløpsavgifter. No vil rådmannen ha tilbake det som ikkje har blitt nytta til nye tiltak i Fjell. Foto: Svein Ludvigsen

Det tilrår rådmann Steinar Nesse i to saker til formannskapet førstkomande mandag.

Krav i havnelova
Bergen og omland havnevesen (BOH) omfattar 11 kommunar og vart etablert i 1990. Omfattande endringar i Havnelova stilte krav til ny organisering av selskapet. Prosessen resulterte i forslag om å danna nytt interkommunalt selskap (IKS) med ein milliard kroner i eigenkapital, og der Bergen skulle eiga 70 prosent.

Usamde i premissane
Fjell og Lindås var usamde i premissane for danninga av det nye interkommunale selskapet og bad om forhandlingar. No har prosessen drege så langt ut i tid at Fjell ønskjer å gå vidare, oppløysa BOH og stifta hamneselskapet Fjordhamn Vest IKS saman med Lindås.

Fjell kommune vil stilla ein startkapital på ein million kroner til rådvelde for Fjordhamn Vest IKS. Kommunen vil dessutan stilla ein kommunal garanti for lån på inntil 50 millionar kroner til investering i nye tiltak.

Avklara verdiar
Å få avklara eigarskapen til verdiane i BOH vert ein viktig del av prosessen framover, slik rådmannen i Fjell ser det.

Fjell vil vurdera å kreva å få utbetalt sin del av inntektene som kommunen har bidrege med til felleskapet i BOH. Opp gjennom åra har Fjell bidrege med anløpsavgifter tilsvarande fleire titals millionar kroner. Lite eller ingenting av dette kan sporast til havnerelaterte tiltak i Fjell, ifølgje Nesse.

Lite att for pengane
– Rådmannen er rimeleg trygg på at Fjell vil komme godt ut av resultatet av provenyprosessen. Fjell kan dokumentere at ein har bidrege til BOH sitt driftsgrunn lag over ei rekkje år. Ein vil også kunne dokumentere at t.d anløpsavgiftai liten grad har vore nytta til tiltak i kommunen, står det i innstillinga til formannskapet.

Semje i Lindås
Kommunestyret i Lindås gjorde eit tilsvarande vedtak like før ferien. Begge kommunane er opne for at andre kommunar kan slutta seg til det nye interkommunale selskapet.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s