Klagar på Telenor-dekning

Folk på Solsvik og Nordre Landro er leie av Telenor si dårlege mobildekning. No melder stadig fleire overgang til konkurrenten.

Kjell Rune Garlid
Trugar med å skifta frå Telenor til Netcom, om mobildekninga på Nordre Landro ikkje vert betre.

Frå skulen på Landro og nordover til Solsvik er mobildekninga til Telenor under einkvar kritikk, seier Kjell Rune Garlid som sjølv bur på Nordre Landro.

-Folk må flytta seg rundt om i huset, eller ut i terrenget, for å få såpass dekning at samtalen deira kjem ut, utdjupar han.

Forverring siste tida
Telenor skryt av å ha beste mobildekninga i landet, men på nordre Sotra har tilhøva i staden blitt forverra sista tida, har Garlid inntrykk av.

Klager hjelper ikkje
Fleire som bur i området har klaga til Telenor, utan at det har hjulpe. No byrjar dei å gå lei. Stadig fleire oppdagar at konkurrenten Netcom har betre dekning i området, og skiftar leverandør.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s