Lag dine eigne roser

Wenche - døme på ei norskutvikla rose som ikkje finst i noko hagesenter.
Wenche – døme på ei norskutvikla rose som ikkje finst i noko hagesenter.

Kven har vel ikkje falle for ei fantastisk rose som ingen hagesenter kan skaffa? Å formera roser er einklare enn det kan høyrast ut. Med litt trening kan du meistra teknikkar som tilhøyrer gartnaryrket sin finmekanikk.

Kursleiar Daniel Torsvik klar til innsats.
Kursleiar Daniel Torsvik klar til innsats.

Dei fleste hageeigarar kjøper i dag roser i knopp på næraste hagesenter, importert frå spesialgartneri lenger sør i Europa. Slik har det ikkje alltid vore.

Daniel Torsvik frå Øygarden er ein av dei få i Bergens-området som framleis har teknikken i fingrane etter eit langt arbeidsliv som gartnar. Han formidlar gjerne kunnskapen vidare. Laurdag haldt han innføringskurs i roseformering for ei handfull interesserte i samarbeid med rosariet i Arboretet og Norsk Roseforening, avdeling Hordaland.

To teknikkar
Kunsten å formera roser bør inngå i einkvar hageeigar sitt reportoar. Kven har vel ikkje eingong falle for ei fantastisk rose som ingen hagesenter kan skaffa? Fortvil ikkje! Har du ei grein av rosa du ønskjer å formera og ein skarp kniv, er du klar.

Stiklingsformering og okulering er dei to teknikkane Torsvik formidlar. Den første metoden er klart den einklaste.

Stiklingsformering

Stiklingsformering: Skjær greina skrått over like over første knoppen.
Stiklingsformering: Einklaste løysinga. Skjær greina skrått over like over første knoppen.

Ta ei frisk rosegrein og skjær ho skrått over, like over det første bladet. Enden stikk du varsamt ned i ei potte med fuktig, næringsrik jord, gjerne blanda med litt sand eller leire. Vil du ha fleire roser av same greina, kan du kutta ho fleire gongar.

Dusj heile planten godt, og set potta i ein klar plastpose som du lukkar, td. med ei klesklype.

"Minidrivhus" for stiklingar.
«Minidrivhus» for stiklingar.

La potta stå i 20 – 24 grader, men utan direkte sollys. Pass på å kontroller fuktigheten. Etter ei stund vil greina slå røter. Neste sommar har du vonaleg små roseplantar du kan setja i potter på verandaen.

Okulering

Okulering er rosegartnaren sitt svar på poding. Medan poding av frukttre skjer med greiner, nyttar rosegartnaren berre knoppar i formeringsarbeidet. Eit arbeid som bør gjerast på ettersommaren, i perioden rosebuskane løyser borken.

Okulering
Finmekanikk: Skjær knoppen varsamt av greina. Det kan vera smart å trena på td. selje før du går laus på rosene…

Å skjæra laus ein ørliten knopp på rett måte, slik at han med tida kan verta til ei ny rose, er ein kunst som krev både trening og ein skarp kniv. Aller helst ein spesialkniv med eit butt blad som varsamt kan løysa og bøya borken til side.

Knoppen skal okulerast inn på ein grunnstamme. I nøden kan vill klunger nyttast.

Skjer først eit skrått snitt på tvers av grunnstammen. Deretter eit snitt på langs ca. 1,5 cm nedanfrå og opp til skråsnittet. Løys forsiktig borken i krysset. No skal knoppen plasserast ned i snittet, under borken.

Til sist må du ”plastre” grunnstammen slik at knoppen vert halden fast.

Ventetid
Arbeidet er fullført! Set grunnstammen frostfritt over vinteren. Først til våren kan du sjå om innsatsen har lukkast.

– Kursdeltakarane i fjor rapporterte om 60 prosent overleving. Det må reknast som bra, smiler Torsvik.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s