Har ikkje så mange kaiar å selja, likevel

Kommunestyret i Øygarden ønskjer å behalda tilknytinga til sjøen. I budsjettprosessen vedtok dei å selja heile 31 av dei 34 kommunale kaiane. Seinare har dei funne ut at ytterlegare seks kaiar er i dagleg offentleg bruk.

Med 34 kommunale kaiar er Øygarden er den kommunen i region vest som har flest kommunale kaiar. Mange av dei vart bygd før øygarden vart eigen kommune i 1964, og treng sårt til vedlikehald. Rådmann Siri Fahlvik Pettersen frykta store framtidige vedlikehaldskostnadar, og tilrådde i budsjettprosessen å selja unna flest mogeleg av dei offentlege kaiane. Einast kaiane på Stegavika, Rongesundet og Naturgassparken burde kommunen behalda, vedtok kommunestyret.

I offentleg bruk, likevel
I ettertid har ein gjennomgang av bruken av dei offentlege kaiane vist at ytterlegare seks kaiar er i dagleg offentleg bruk. Før ferien vedtok kommunestyret at kaiane på Blomgangstø, Ovågen, Hellesøy, Lyngøy, Herna og Sulo, forutan dei tre førstnemnde, framleis skal vera kommunale.

Tilstand og alder inneber at dei øvrige kaiane vil ha begrensa marknadsverdi, trur rådmannen. Før kommunen kan selja dei andre kaiane, må eigartilhøva avklarast.

Sikra tilgang
Det kan vera ønskjeleg å sikra offentleg tilgang til kaiane også etter eit kommunalt sal. Førstkomande onsdag skal formannskapet ta stilling til korvidt nærmiljøutval eller andre lag eller sameige skal få tilbod om å kjøpa kaiane.

Uklare eigartilhøve
Ein kommunal kai er bygd av kommunen, og vert nytta av det offentlege. Med eldre kaiar er det likevel ikkje uvanleg at ein privatperson står som eigar av grunnen kaien er bygd på.

Der ein privatperson står som grunneigar, vil grunneigaren i dei fleste tilfelle vera mest aktuelle kjøparen, skreiv rådmannen i saksutgreiinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s