Tverrsnudde i havnesaka

Med knappast mogeleg fleirtal har formannskapet i Fjell vedteke å utsetja avgjerda om å forlata havnesamarbeidet med Bergen og planen om eit felles interkommunalt selskap.

Vil ha meir gods overført til Ågotnes frå Bergen indre havn. Foto: Svein Ludvigsen
Vil ha meir gods overført til Ågotnes frå Bergen indre havn. Foto: Svein Ludvigsen

Dette vart klart under dagens møte i formannskapet. Rådmannen si innstilling gjekk på at nok er nok, og at tida no er moden for forlata havnesamarbeidet med Bergen og ti andre omegnkommunar, til fordel for eit nytt havnesamarbeid med Lindås.

Politikarane i formannskapet ville det annleis.  Høgre (3), Ap (2) og FrP (1) stemte for forslagt frå Marianne Bjorøy (Ap) om at dei vil koma attende til spørsmålet om val av framtidig samarbeidspartnar i havnesaker først når endeleg strategi og samarbeidsavtale for Bergen Havn IKS ligg føre.

Ny runde forhandlingar
Tom Georg Indrevik (H), var ein av dei som argumenterte sterkast for å utsetja saka. Når Høgre sin ordførarkandidat er innstilt på ein ny runde forhandlingar med Bergen, er det i håp om å få overført ei større godsmengde frå Bergen indre havn til Ågotnes.

Tore Turøy (V) var ein av dei som var samd med rådmannen si innstilling:
-Her er det berre å kutta, sa han og viste med handa.

BOH skal oppløysast
At Bergen og omland Havnevesen skal oppløysast, ligg fast. Det vart også vedteke at Fjell skal vurdera korvidt kommunen skal krevja proveny av anløpsavgiftene som er innbetalt til BOH i dei åra samarbeidet har vart.

Kommunestyret har siste ordet i saka.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s