Vegmysterium i Branndalsåsen

Verken ordførar Eli Berland, rådmann Steinar Nesse eller nokon av medlemmane i formannskapet i Fjell har kjennskap til vegen BKK no lagar i Branndalsåsen på nordre Bildøy.

20150810_høgspenten nordre bildøy2Dette vart klart då Marianne Bjorøy (Ap) under dagens møte i formannskapet spurte ordføraren om kva plan vegen er vedteken etter, eller om han tilhører utbygginga i Branndalsåsen:

-Vi har fått presentert ein plan for Branndalsåsen (som ikkje er vedteken, red. merk.). Då vart det vist ein veg som vi, politikarane, sa vi ikkje ville ha. No kan det sjå ut som om det er denne vegen som er under opparbeiding. Er det tilfelle, spurte Bjorøy.

Det viste seg at fleire av politikarane hadde spurt seg sjølv om det same. Ingen kunne svara.

Rådmann Steinar Nesse lova å undersøkja saka, snarast.

 

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s