Takseringa for eigedomsskatt har starta

Fjell er ein av tre kommunar i Hordaland som framleis er utan nokon form for eigedomsskatt. Det kan det verta slutt på ved årsskiftet.

På oppdrag frå politikarane har administrasjonen i Fjell sett i gang arbeidet med å taksera verk og bruk og andre næringseigedomar i kommunen. Takseringa skal gjennomførast i august og september i år. I går haldt kommunen informasjonsmøte på rådhuset om innføringa av eigedomsskatten og takseringa av eigedomar.

Auke med Høgre og FrP
Frå 2001 og fram til no har talet på norske kommunar med ein eller annan form for eigedomsskatt auka kvart år. Ei utvikling som har halde fram etter at Høgre-regjeringa tok over i 2013, ifølgje Dagens Næringsliv.

Lokale inntekter
Eigedomsskatten gjev frie inntekter til hardt pressa kommuneøkonomiar. Fjell vil kunna auka inntektene med ein stad mellom 11 og 18 millionar kroner, dersom kommunen innfører eigedomsskatt avgrensa til verk, bruk og næringseigedom, ifølgje rådmann Steinar Nesse.

Minst omfattande
Eigedomsskatt på verk og bruk og andre næringseigedom er den minst omfattande skatteordninga som kommunane har høve til å påleggja innbyggjarane for å auka inntektene.

Flyttar tyngda over på bustad
Lovendringar den blåblå regjeringa har på trappene vil flytta eigedomsskatten vekk frå dei store næringsverksemdene, som Kollsnes-anlegget, ifølgje konsulentselskapet Escan AS som er hyrt inn til å gjennomføra takseringa i Fjell.

Utviklinga går i staden i retning av auka skattlegging av bustad. Vert eigedomsskatten i Fjell utvida til også å gjelda bustad, vil kommunen kunna henta inn ein stad mellom 53 og 67 millionar kroner.

Forventar seksdobling
På landsbasis kan kommunane sine inntekter frå eigedomsskatt verta seksdobla innan 2020, til 60 milliardar kroner, antyder Jørn Rattsø, professor ved NTNU, ovanfor næringslivsavisa.

Det nye kommunestyret avgjer
Dersom det nye kommunestyret sanksjonerer vedtaket som vart gjort i samband med budsjettbehandlinga for 2015, vil verksemder i kommunen frå årsskiftet betala eigedomsskatt på to promille av marknadsverdien.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s