Periferikonferansen: Oppgjer med stordriftsromantikken

Billigare kommunale tenester? Tja, men slett ikkje betre. Arrangørane av årets Periferikonferanse lukkast med å laga bremsespor i kommunereforma. Sjølv Helge Andre Njåstad (FrP), leiar for kommunalkomiteen på Stortinget, måtte medgje at han ikkje veit om reforma vil gje noko kvalitetsløft. Men ting kan då ikkje fortsetja å vera akkurat som for 50 år sidan, heller…

Erfaringane frå Danmark er ikkje oppmuntrande for dei som ønskjer betre offentlege tenester som følgje av ei kommunereform, i følgje forskar Roger Buch ved Danmark Medie- og Journalisthøjskole.
Erfaringane frå Danmark er ikkje oppmuntrande for dei som ønskjer betre offentlege tenester som følgje av ei kommunereform, i følgje forskar Roger Buch ved Danmark Medie- og Journalisthøjskole.

Periferifestivalen med tilhørande konferanse har utspring i Glesvær i Sund. Kystbygda som ligg milevidt unna alle kystbyar har forstått at det å vera innovativ og skapa action er eit vilkår for å lokka ungdomen heimatt frå Bergen etter avslutta utdanning.

Mislukka i Danmark
Danmark gjennomførte i 2007 ei tilsvarande kommunereform. Etter at talet på kommunar vart redusert frå 270 til 98, har Danmark no dei tredje største kommunane i Europa, med heile 55.000 innbyggjarar.

Arrangørane hadde henta inn Roger Buch, forskar ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole til å orientera om erfaringane frå nabolandet i sør.

Innsparing det viktigaste
Reforma kom samstundes som finanskrisa, og sette for alvor fart i sentraliseringa, ikkje berre i København. Innsparing, systemendringar og ny organisasjonsstruktur vart hovudtema. Innbyggjarane vart nærast gløymt i prosessen. Sju år etter meinte halvparten av danskane at kvaliteten på dei offentlege tenestene var blitt dårlegare. Danskane opplevde dessutan at avstanden til ”sine” folkevalde var blitt større. Lokaldemokratiet var blitt svekka.

Særleg rimelegare har det heller ikkje blitt. Kommunesamanslåingane førte til innsparingar inntil ein viss storleik. Når talet på innbyggjarar i ein kommune overgjekk ein viss storleik, auka kostnadane til administrasjon meir enn det dei sparte.

Motvekt
Kommunereforma var raud tråd i årets konferanse. Arrangørane hadde lagt vekt på å skapa ei motvekt til sentraliseringspresset frå Regjeringa. For å balansera bodskapen på konferansen hadde dei henta inn Marit Warncke.

Direktøren i Bergen Næringsråd forsvarte Bergen +11 og NHO sitt forslag om å redusera talet på kommunar i Hordaland til fire. Ei løysing som vil gjera alt så mykje betre for næringslivet, argumenterte Warncke.

Helten i historien
Det 20. Hundreåret er helten i moderne historieforteljing. Det har vore vekst og velstand. Stordrift har vore ein av nøklane til suksess, ifølgje Hans K. Mjelva, kommentator i Bergen Tidende.

– Kunnskapen om dei danske erfaringane har fått Solberg-regjeringa til å endra retorikk, frå innsparing til meir demokrati, hevda kommentatoren.

– Eg trur ikkje på bodskapen, hevda Mjelva.
Det er skilnad på å produsera flatskjermar og driva skular og sjukeheimar. NAV-reforma er eit godt døme på ein mislukka reform. Halvparten av alle næringslivsfusjonar er mislukka. Dessutan er det eit faktum at større einingar krev meir styring for å fungera.

På den andre sida kan inkompetanse og venskap og kjennskap føra til at smått ikkje alltid er godt.

Njåstad på defensiven
– Det er grunn til å stilla spørsmål ved motiva til dei som ivrar for reform. Politikk bør treffast på empiri, ikkje på diffuse økonomiske teoriar, hevda Mjelva.

Best om ei kommunesamanslåing skjer frivillig, er Helge Andre Njåstad (FrP), Helga Pedersen (Ap) og Liv Signe Navarsete samde om. Korvidt vi veit nok om effektane av ei reform, stridast dei om.
Best om ei kommunesamanslåing skjer frivillig, er Helge Andre Njåstad (FrP), Helga Pedersen (Ap) og Liv Signe Navarsete samde om. Korvidt vi veit nok om effektane av ei reform, stridast dei om.

Til debatten hadde arrangørane henta inn tre sentrale Stortingspolitikarar; Helga Pedersen (Ap), Liv Signe Navarsete (Sp) og Helge Andre Njåstad (FrP).

– Vi må gje betre tenester til innbyggjarane. Tenkja nytt, ikkje halda fram som for 50 år sidan, sa Njåstad.

Veit ikkje nok

Kritiske spørsmål, med glimt i auga, frå konferansier Halvor Folgerø.
Kritiske spørsmål, med glimt i auga, frå konferansier Halvor Folgerø.

Korleis kan vi vita at kvaliteten på dei offentlege tenestene vil verta betre som følgje av kommunereforma, ville konferansier Halvor Folgerø ha svar på.

– Eg veit ikkje, men det går an å tenkja seg at det vert betre når tre kommunar tenkjer saman enn når berre ein gjer det. Svaret må utreiast. Kommunane må visa at det vil vera tilfelle, sa Njåstad.

– Njåstad får det til å høyrast ut til at det ikkje har skjedd noko dei siste 50 åra. Det er eg ueinig i. Vi har skapt ei mengde nye arbeidsplassar, sa Navrasete.

– Nei, vi veit ikkje nok om effektane av ei kommunereform, var Havarsete og Pedersen samde om. Einast Njåstad var nøgd med det føreliggjande informasjonsgrunnlaget.

- Dei som meinar stordrift er av det gode, bør ta ein tur innom Loddefjord, hevda artisten Ole Paus før han hausta applaus for "Mitt lille land".
– Dei som meinar stordrift er av det gode, bør ta ein tur innom Loddefjord, hevda artisten Ole Paus før han hausta applaus for «Mitt lille land».
Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s