Kystsogeromantikk i beste kremmartradisjon

Langøymarknaden er eitt av høgdepunkt i året for lokale handtverksprodusentar i grenseland mellom næring og hobby.

Langøymarknaden er Kystlaget og seglbåtane sin årlege samlingsstad.
Langøymarknaden er Kystlaget og seglbåtane sin årlege samlingsstad.

Etter ein regntung laurdag lokka vergudar i godlag Sotrastrilar og andre tilreisande i store flokkar til Langøymarknaden søndag. Det årlege arrangementet er ein del av Kystsogevekene i Hordaland, og vert arrangert i samarbeid med Sotra Kystlag.

Kremmartradisjon
Som eit ekko frå tida Langøy var handelsstad, var dei historiske husa fylte til siste krok av små lokale handverksprodusentar. Besøkjande kunne beundra hekla dukar, strikka vottar, smykker, foto, bygdebøker, glaskunst og oppfriskande kremar.

Brød og bollar frå Urtebakeriet og Langøymarknaden sine populære skillingsbollar fekk bokstaveleg talt bein å gå på.

Villsauull

Fiskarvotten hadde to tomlar og kunne slitast på begge sider. Laga av villsauull kunne votten halda fiskarbonden varm og tørr på hendene sjølv vinterstid, fortel Svanhild Tofting.
Fiskarvotten hadde to tomlar og kunne slitast på begge sider. Laga av villsauull kunne votten halda fiskarbonden varm og tørr på hendene sjølv vinterstid, fortel Svanhild Tofting.

Villsauulla har spesielle vassabsorberande og varmande kvalitetar som forfedrane våre visste å verdsetja i ein slitsam arbeidsdag. Svanhild Tofting frå Lindås brenn for å utvikla ull- og skinnprodukt frå denne lokale utegangarsauen som kan innta ein plass i kvardagen til moderne strilar. Produkt som er like praktiske i dag som for 100 år sidan. For å realisera ideen har ho inngått samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk, så vel som med Lyngheisenteret på Lygra.

Framtidig leveveg?

Glasblåsar Anita Kvale var på Langøy for å testa marknaden for glaspynt.
Glasblåsar Anita Kvale var på Langøy for å testa marknaden for glaskunst.

Lekre vasar og annan glaskunst i friske fargar røpar at Anita Kvale er utdanna glasblåsar. På Langøy ønskjer den Kosta Boda-utdanna glaskunstnaren å testa eigne produkt for å vurdera korvidt det som i dag er ein hobby eingong i framtida kan verta leveveg.

Ungane var mest interesserte i bading og å testa kajakkane.
Ungane var mest interesserte i bading og å testa kajakkane.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s