Vegmysteriet er løyst

Anleggsarbeidet i Branndalsåsen på nordre Bildøy er ein del av BKK sin områdekonsesjon og er utanfor Fjell sin kontroll.

Det er BKK som avgjer kvar kabelgrøftene skal gå. Fjell kommune har inga innflyting.
Det er BKK som avgjer kvar høgspentgrøftene skal gravast. Fjell kommune har inga innflyting på anlegg innanfor kommunegrensene.

På siste møte i formannskapet i Fjell stilte Marianne Bjorøy (Ap) spørsmål ved det pågåande anleggsarbeidet i Branndalsåsen. Verken ordførar Eli Berland eller rådmann Steinar Nesse kunne svara på kva plan tiltaket kjem inn under, og korvidt dette vert ein ny veg i det framtidige utbyggingsområdet.

Ei kabelgrøft
No ser det ut til at vegmysteriet er løyst.

-Dette er ingen veg. Dette vert ei kabelgrøft for nedgraving av høgspentlina mellom Bildøy og Straume, kan overingeniør Einar Lunde på teknisk avdeling fortelja.

-Anleggsarbeidet er heimla i BKK sin områdekonsesjon, og skjer utanfor Fjell kommune sin kontroll, diverre, seier Lunde.

Overkjørte folkeleg motstand
Sterk folkeleg motstand mot høgspentanlegg, mellom anna engasjementet i Fjell kommune mot høgspentlina frå Bergen til Kollesnes (dei sokalla Stoltenbergarane) på 1990-talet, førte til at NVE tok initiativ til å endra lovverket på dette området, ifølgje overingeniøren.

Skal tilbakeførast
Då det ikkje føreligg nokon godkjend plan for vegar i Branndalsåsen, skal terrenget tilbakeførast til slik det var før anleggsstart, når arbeidet er avslutta, seier Lunde.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.