Vil styra etter Kommunekompasset

Sund kommune får juling i den første evalueringa. Formannskapet gjekk likevel samrøystes inn for rådmann Stig Arne Thune si innstilling om at kommunen bør styrast etter Kommunekompasset.

Kommunekompasset er eit verktøy for evaluering og identifisering av forbetringsområde i den interne kommuneforvaltninga. Verktøyet er utvikla av KS-Konsulent i samarbeid med Universitetet i Oslo og Universitetet i Agder, og vert nytta av rådmenn i 45 norske kommunar.

Samanlikna med idealkommunen
Sund er vurdert opp mot KS-Konsulent sin ide om ein ”idealkommune” på til saman åtte område. Resultatet av første evalueringa som vart lagt fram for formannskapet tirsdag, viser at kommunen har mykje å henta når det gjeld strategisk planlegging. Totalt oppnådde kommunen 292 poeng av 800 mogelege.

Ikkje så ille
Samanliknar vi Sund sine skåre med andre norske kommunar, kjem dei likevel ikkje så gale ut. Snitt for samtlege norske kommunar ligg på 352 poeng. Samanliknar vi med kommunar på Sund sin storleik, med mellom 5.000 og 10.000 innbyggjarar, vert skilnaden enno mindre, berre 21 poeng.

– Pågåande tiltak er ikkje med i vurderinga. Hadde det vore tilfelle, ville vi ha kome noko betre ut, seier rådmann Stig Arne Thune.

Samfunnsutviklar
Best ut kjem Sund kommune som samfunnsutviklar, her får dei 66 av 100 mogelege poeng, og på dette området ligg dei godt over den norske gjennomsnittskommunen.

Når det gjeld utviklingsstrategi og lærande organisasjon kjem Sund også betre ut enn fleirtalet av kommunar som nyttar dette verktøyet. Sund får også god karakter for resultatfokus og effektivitet.

Tiltak

Sund si skåre på dei åtte måleområda, samanlikna med den norske gjennomsnittskommunen.
Sund si skåre på dei åtte måleområda, samanlikna med den norske gjennomsnittskommunen.

Som arbeidsgjevar får Sund kommune derimot tilnærma stryk. Her har Thune alt sett i gang tiltak i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane.

Når det kjem til offentlighet og demokrati og tilgang, innbyggjar- og brukarorientering har Sund heller ingen grunn til å slå seg på brystet.

Vil verta betre
Meininga med bruken av Kommunekompasset er at Sund skal bruka resultatet til å verta betre. Noko ei ny måling om to år vonaleg vil stadfesta.

Viktig å merka seg at Kommunekompasset ikkje seier noko om kvaliteten på tenestene Sund kommune tilbyr innbyggjarane sine.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s