Indrevik i hemmelege utbyggjarsamtalar

Tom Georg Indrevik, ordførarkandidat for Høgre i Fjell, er i dag i hemmelege samtalar med tunge kommersielle utbyggjararinteressentar på nordre Litle Sotra og Vindeneskvarven.

Tom Georg Indrevik.
Pådrivar for utbygging på nordre Litle Sotra og Vindeneskvarven.

På nordre delen av Litle Sotra er Vestbo ein stor aktør. På Vindeneskvarven er Liegruppen og CCB mellom dei største interessentane.

Med på møta er og teknisk sjef Berit Rystad i Fjell kommune.

Informasjonsmøte
Som avtroppande leiar for komite for plan og utvikling var Tom Georg Indrevik ansvarleg for å driva gjennom arealplanen for Fjell på rekordtid.

– Dagens møte er for å informera utbyggjarane og dei store interessentane i dei to områda om innhaldet i planen. Utbyggjarane sit med eindel spørsmål, og har bedt om dette møtet, seier Indrevik til Tunnelsyn.no.

Tunnelsyn nekta adgang
Ingen av dei øvrige medlemmane i arbeidsgruppa for arealplanen skal delta. Underteikna, som var møtande vara i arbeidet, vart nekta adgang, med grunngjeving om at dette var eit arbeidsmøte.

Kva som er så hemmeleg med den vedtekne arealplanen at Tunnelsyn ikkje kunne vera tilstade på informasjonsmøtet, ville Indrevik ikkje inn på.

Pådrivar for utbygging
Undervegs i arealplanprosessen var Indrevik ein pådrivar både for å krevja at det skal utarbeidast ein felles kommunedelplan for ei framtidig storutbygging på nordre delen av Litle Sotra, og for at Vindeneskvarven må nyttast til ei framtidig utviding av havneanlegga på Ågotnes. Begge områda har tunge kommersielle utbyggjarinteresser som kom med innspel til planarbeidet.

Over hovudet på innbyggjarane
Kravet om utarbeiding av kommunedelplan inneber at alle som bur i området vert omfatta av planen, ikkje berre dei store utbyggjarane.

Dagens møte skjer over hovuda på innbyggjarane i bygdene som vert omfatta av dei to framtidige kommunedelplanane.

Tunnelsyn har vore i kontakt med fleire mindre grunneigarar på nordre Litle Sotra og i Vindenes-området. Ingen av dei har kjennskap til møtet mellom politikaren som er den mest sannsynlege nye ordføraren i Fjell og dei store utbyggingsinteressentane i heimbygdene deira.

Inn på planprogrammet?
Før desse områda kan byggjast ut, må dei inn på kommunen sitt planprogram. Planprogrammet vert utarbeida i samband med budsjettarbeidet kvar haust, seier Indrevik.

– Folkemøte om utbyggingsplanane vil eventuelt koma seinare, seier Indrevik.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s