Går du Nordsjøløypa frå Kallestad til Televåg, ligg Kjereide som ein velfortent raste- og badeplass midtvegs. No i slutten av august er lyngmarkane på sitt mest fargerike.

Stien frå Kallestad til Televåg har sin eigen sjarm, heilt ulik dei fleste andre turløyper på Sotra.
Variert landskap
Store delar av turen ferdast du i ytterkanten av Kørelen, største vatnet på Sotra, i eit landskap som vekslar mellom frodige kulturbeite, tilgrodde lyngmarkar og bratte skrentar.
Utegangarsau

Vakta av skulande utegangarsauar og omsverma av innpåslitne klegg, er dette ein tur du garantert vil minnast. Ein strålande sommardag verkar det som om forhaldet mellom klegg, sau og menneskjer er rundt rekna om lag 1.000:10:1.
Kjereide

For meg er Kjereide høgdepunkt på turen. Her renn Kørelen ut i ei lun og fredeleg vik i sørenden av Fjellspollen.

Enten du no har klatra ned den bratte skrenten frå Kallestadsida, eller du har teke trappa ned frå Televågsida, er dette rette staden å ta fram nista. Attmed den gamle notabua på vestsida står det til og med ein benk å sitja på.
Hopp i det!
Fint å bada er det og. Rett nok er det ingen sandbotn, men du er garantert å ha badeplassen for deg sjølv!

Startar du frå Kallestad, er grendahuset ein grei stad å parkera. Føl veien rett vestover. Starten på stien kan vera vanskeleg å finna, og det er lett å gå seg vill i det overgrodde terrenget. Beste tipset er å ta sikte på det gamle sauefjøset, og følja den knapt synlege stien derifrå oppover og vestover.