Sund på ledighetstoppen – betring i Askøy

Stadig færre arbeidstakarar har grunn til å gå rundt og smila i Sund.  Kommunen hadde den høgaste prosentvise arbeidsløysa i Hordaland i august, ifølgje NAV.

Reduksjonen i offshoreaktivitetane slår stadig sterkare ut på arbeidsløysestatistikken i region vest. Tala for august viser fleire ledige enn venta, i følgje NAV.

Mest merkbar er auken i Sund der det no er 145 heilt ledige, ein auke på 19 personar samanlikna med juli. Arbeidsløysa i kommunen på sørsida av Sotra utgjer no 4,1 prosent. I tillegg går ni personar på tiltak.

Over snittet i Hordland
Alle dei fire kommunane i region vest har ei arbeidsløyse som ligg over snittet på 2,9 prosent i Hordaland. På fylkesnivå er ei klar overvekt av dei ledige er i alderen 20 – 40 år. Framleis er arbeidsløysa høgast blant menn.

Ikkje uventa er industriarbeidarar verst ramma. Sterkast vekst i talet på ledige finn vi likevel mellom ingeniørar og ikt-medarbeidarar. Mange ledige er det og i bygg og anlegg og service-yrke, men her har veksten vore mindre.

Flest i Fjell
Talmessig flest ledige finn vi i Fjell. Her er det 27 fleire heilt ledige no enn i slutten av siste månad. Med 479 heilt ledige har kommunen ei arbeidsløyse på 3,6 prosent. 46 personar er engasjerte i ulike tiltak.

Betre i Askøy
I Askøy går utviklinga rett veg. Her har talet på heilt ledige sunke frå 452 i juli til 423 i august. At talet på personar på tiltak samstundes har gått opp frå 18 til 26 klarar ikkje dempa inntrykket av at aktiviteten på arbeidsmarknaden i kommunen er aukande.

Askøy er også den kommunen i regionen som kjem best ut, med ei arbeidsløyse på 2,9 prosent.

Fleire på tiltak i Øygarden
I Øygarden var det tre fleire personar som kunne gleda seg over fast inntekt i august enn i sommarmånaden. Her har talet på ledige sunke frå 85 til 76. Samstundes har talet på personar på tiltak auka frå fire til ti.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s