AP-topp Marianne Bjorøy til Tunnelsyn: – Alt er til sals

Alle damer som har tort å stå opp og kjempa for ei sak, dei er Marianne Bjorøy sine politiske førebilete.

fornøyd - portrettTunnelsyn ba Arbeidarpartiet sin førstekandidat møta oss ein stad som betyr mykje for henne. Vi fekk ein time på betongkanten ved foten av det nye vasstårnet på Bjorøy.

– Ein utruleg fin plass, med vid utsikt vestover, frå Liaskjæret i sør og nordover til brukara på Sotrabrua, grunngjev ho stadvalet.

Ingen glamour
Inntrykket av den raude blondekjolen vert dempa av ei mørk blå uniformsinspirert jakke. Lave sko. Ingen glamour. Bjorøy tek sjølv opp forskjellen til avtroppande ordførar Eli Berland:

– Det skal Eli Berland ha. Ho er elegant, smiler Bjorøy.

Dialekten røpar at Arbeidarpartiet sin førstekandidat er oppvaksen på innsida av Sotrabrua. Ungjenta fann kjærleiken i ein stril og flytta frå blokkene i Fyllingsdalen til veglause Bjorøy så tidleg som i 1987. Ni år før den undersjøiske tunnelen knytta øya i Vatlestraumen til fastlands-Bergen.

– Den gongen var det ingen som ønska å bu på Bjorøy.

Partiet først
Marianne Bjorøy nøler når ho får spørsmål om personlege hjartesaker i valkampen. Ho er oppteken av å fremma partiet sitt syn og dei sakene som er oppe til ei kvar tid. Framhevar deretter arbeidet for eit lokalmedisinsk senter. Senteret bør stå ferdig til vi verkeleg treng det.

– Det er ikkje berre eldrebølgja. Eg har eit personleg engasjement for rusmisbrukarar og dei som ikkje har ein stad å bu. Det er uverdig at nokon er huslause, samstundes som vi andre breiar oss på stadig fleire kvadratmeter. Rusmisbrukarane må vi og ta på alvor, og gje dei eit behandlingstilbod, seier Bjorøy.

Fjell klarar seg!
Spørsmålet om kommunesamanslåing tek Bjorøy heilt roleg. Fjell vil klara seg, uansett. Ei samanslåing med Bergen er ho ikkje særleg begeistra for, sjølv om det kunne ha gått. Sund og Øygarden må sjølv ta initiativ. Det er dei som må sjå behovet.

– Eg er lei av å verta kalla arrogant når spørsmålet kjem opp. Eg har ikkje noko ønskje om å tre ei kommunesamanslåing ned over hovuda på nabokommunane, forsikrar Bjorøy.

Private initiativ
Det meste som skjer i Fjell, skjer etter initiativ i private reguleringsplanar. Arealplanlegginga er grunnlag for kva, kvar og korleis kommunen skal utviklast. Her har planarbeidet svikta, antydar Bjorøy, trass i at partiet hadde tre representantar i arbeidsgruppa for ny arealplan.

Ei kjelde til særleg irritasjon er private utbyggjarar som ikkje ser behov for å medverka til utbygginga av ny og hardt tiltrengt infrastruktur, men som i staden freistar vri seg unna rekkefølgjekrav:

– Fjell har store utfordringar når det gjeld veg, og som det vil ta lang tid å løysa. Eg saknar den heilskaplege planlegginga, sjølv om den har blitt betre dei to siste åra. Heldigvis er det fleire som ser at vi er nøydd til å stilla krav også til private utbyggjarar, seier ho.

Kollektiv-skepsis
– Kollektivtrafikken kan ikkje spela noko stor rolle for utviklinga i Fjell, men den kan letta køproblematikken, seier Bjorøy.

Ansvaret for kollektivtrafikken kvilar på fylkeskommunen, og dei har valt å satsa på kollektiv-knutepunkt. Alle som bur utanfor desse knutepunkta har dermed fått eit dårlegare tilbod enn tidlegare, seier Bjorøy.

– Tanken er at folk skal kjøra til knutepunktet og ta bussen derifrå, men ingen har fulgt opp med tilbod om innfartsparkering, beklagar Bjorøy.

– Slik det er no, løyser kollektivtrafikken ingenting. Lufta vert rett nok betre i Bergen, men behovet for areal er framleis stort.

At båt kan bidra til å løysa problema, er Bjorøy skeptisk til. Kor skal folk i så fall setja bilen, spør Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Fjell.

Utfordringar på Straume
Straume vart utpeika til regionsenter alt på 1990-talet. Det forpliktar Fjell til å byggja bustadar, butikkar og andre offentleg tenestetilbod i området. Undervegs har det utvikla seg ein kamp mellom regionsenteret og bygdene.

– Det må vera mogeleg å byggja hus også utanfor Straume sentrum, seier Bjorøy.

Trafikken i senterområdet på Straume er ei utfordring. Mange meinar vi styrer mot det komplette kaos. Den nye vegen Arefjord – Storskaret vil løysa noko av problemet. Ei utfordring, slik Bjorøy ser det, er å få folk til å nytta det underjordiske garasjeanlegget.

Sjølv har Bjorøy ikkje vore nede i det underjordiske, men etter kva ho har forstått, går det an å køyra gjennom anlegget, parkera i eine enden, og koma opp ved Konglo. Derifrå er avstanden til bussterminalen kort.

– Med litt endring av vanar, og om vi tek tida til hjelp, vil trafikken i senterområdet ikkje verta noko stort problem, håpar ho.

-Alt kan kjøpast
Kommunedelplanen for Straume skal reviderast i komande fireårsperioden. Med rivinga av rekkjehuset friskt i minne, er det mange innbyggjar i bygda som fryktar kva det kan føra til. Arbeidarpartiet sin førstekandidat har lita trøyst å gje:

– Det som hende med rekkjehuset var spesielt, men alt kan kjøpast for pengar, tenkjer eg. Om nokon sit med ein einebustad og ikkje ønskjer å selja, kan det verta ubehageleg, seier Bjorøy.

– Det er alt bygd ein del blokker i Straumeområdet. Kan hende er det på tide å stoppa opp? Køane på Sotrasambandet i det minste tilseier at det kan vera behov for ein pause.

Etter å ha tenkt seg om held ho fram: Byutviklinga vil gå i retning Rådhuset. Gå i detaljar om kva det kan tenkjast å medføra, ønskjer ho likevel ikkje.

– Eg ønskjer ikkje at nokon skal gå rundt og kjenna seg utrygg, seier ho.

Grøn lunge på Straume?
Reguleringsplanen for nytt Sotrasamband legg opp til å etablera eit stort nytt utbyggingsområde mellom Sartor Senter og Rådhuset.

– Det er dristig å tenkja seg at dette kan verta ei grøn lunge med nokre hus. Alle byar har ein grøn flekk der folk kan setja seg ned og slappa av – sjølv om det vil vera ei kostbar løysing, seier ho.

Kritiske røyster har teke til å heva seg mot den kommunale reguleringsiveren i Fjell. Sjølv er Bjorøy skeptisk til om vi treng meir regulering. Snarare treng vi ein samfunnsplan som fortel noko om korleis vi ønskjer at kommunen skal utvikla seg, behov for helsetilbod, tilbod til ungdom og til dei som fell utanfor, seier Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat.

Kommuneøkonomi
Høg kommunal gjeld er Fjell sin akilleshæl. Eit solid kapitalfond har berga kommunen gjennom økonomiske kriser siste tiåret. Fondet har blitt mykje redusert sidan 2007, men vi skal framleis klara møte utfordringane innan skule, barnehage og eldreomsorg, seier Bjorøy.

– I forrige periode budsjetterte kommunestyret med å nytta avkastninga på fond – pengar kommunen ikkje hadde – til drift. Det kunne gått langt verre enn det faktisk gjorde, konstaterer Bjorøy.

– Det er sunt at kommunen har noko gjeld, men gjelda treng ikkje vera så høg som no.

Bekymra for aukande arbeidsløyse
Fjell har i mange år ridd på ei bølgje av høge oljeprisar og full fart offshore. Sjølv om oljeprisen framleis er høg samanlikna med kva han var for nokre år sidan, er det lokale næringslivet sårbart for negativ utvikling i oljeprisen. Den veldige auken i arbeidsløysa i regionen bekymrar Bjorøy.

– Fjell kommune må samarbeida med næringslivet om tiltak som kan dempa utviklinga. Å gå ledig er øydeleggjande, sjølv om det berre er for nokre månadar. Mange unge med høg utdanning kjem seg ikkje i jobb, avdi dei må konkurrera med folk med lang erfaring. Verksemdene må framleis ta inn lærlingar, oppfordrar ho.

– Vi må bruka pengar på tiltak, ikkje på skattelette, argumenterer Arbeidarpartiet sin førstekandidat i Fjell.

På sikt kan utviklinga føra til at lønsnivået vert redusert for dei som tenar mest frå før, trur Bjorøy.

– Vi har ei stor yrkesgruppe med høglønte. Dei bør finna seg i å gå litt ned i løn, seier Bjorøy.

Styringsvilje
Etter åtte år i opposisjon er det vilje i Fjell Arbeiderparti til å overta styringa etter valet. Helst ser Bjorøy at Arbeiderpartiet får fleirtal aleine. Om det ikkje går, er ho pragmatisk:

– Eg tenkjer at alle må samarbeida med alle, skal vi få gjort noko her i Fjell, seier ho.

Høgre er eit ansvarleg parti. FrP – nei, det går ikkje. Samstundes er eg redd for Raudt, Sv og Sp. Dei stel veljarar frå kvarandre og kan verta veldig små. Korleis det går med Miljøpartiet skal og verta spanande å sjå.

At reduksjonen i talet på folkevalde frå 45 til 35 kan føra til at fleire av småpartia vert ståande utan representant i kommunestyret etter valet, er ho usamd i:

– Prosentforhaldet vil jo framleis vera det same, hevdar Bjorøy.

Mange veljarar i Fjell har i siste perioden hatt problem med å skjelna mellom Arbeiderpartiet og Høgre sin politikk. Kvar går dei viktigaste skillelinene?

– Privatisering, først og framst. Korleis vi løyser oppgåvene, kjem det raskt.

– Vi er opptekne av fellesskapet, Høgre er meir opptekne av den einskilde. Vi er samde om Sotrasambandet og lokalmedisinsk senter. Forskjellane er mindre i lokalpolitikken, avdi det er færre kontroversielle saker, hevdar Bjorøy.

Marianne Bjorøy
Benkeframlegget om å konkurranseutsetja reinhaldstenestene provoserte: – Eg er stolt over vi klarte å stoppa det vedtaket, seier Marianne Bjorøy.

– Skilnandane er mest ideologiske. Arbeidarpartiet har ein ganske annan innfallsvinkel enn Høgre. Vi er mot sal av Straume bu og servicesenter til Pensjonskassen. At reinhaldstenestene skulle verta konkurranseutsette som følgje av eit benkeframlegg, reagerte vi sterkt på.

– Konkurranseutsetjing er noko nær sosial dumping. Eg er stolt over at vi klarte å snu det vedtaket. At Arbeidarpartiet fekk SV og Venstre med på ein lovleghetskontroll, seier Bjorøy.

Kven er dine politiske førebilete?
– Alle damer som har stått opp og kjempa for ei sak. Å gjera slikt, er ikkje særleg lett, sjølv ikkje i dag, seier Bjorøy før ho legg til at Arbeiderpartiet heldigvis har ei 40:60 kvotering, medan andre parti kjører 50:50.

Heimen din på Bjorøy står i vasskanten. Eit faktum du helst ser ikkje vert omtalt. Heller ikkje vil du verta teken bildet av med ein sigarett i handa? Er du veldig kontrollerande?

Marianne Bjorøy orkar ikkje provosera i utide. Å verta teken bilete av med røyk i handa er for teit!
Marianne Bjorøy orkar ikkje provosera i utide. Å verta teken bilete av med røyk i handa er for teit!

– Nei, men eg orkar ikkje provosera i utide. Røyk i handa ser veldig teit ut, medgjev ho.

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat er ikkje aleine om å bu i strandsona på den idylliske øya i Vatlestraumen. Svært mykje av busetnaden på Bjorøy ligg i 100-metersbeltet. Politiske motstandarar freistar likevel gjerne skåra billige poeng når Arbeiderpartiet sin strandsonepolitikk kjem på dagsorden. Ja, i forrige valkampen freista dei til og med å få Regionavisa til å laga ei sak ut av det!

Om du ikkje vert ordførar, kva komite vil du helst leia?
-Drift og finans, kjem det fort.

– Plankomiteen? Nei! Mange saker i komiteen dreier som om tiltak i strandsona. Når eg må seia nei, kan det fort verta ei sak ut av korleis eg sjølv bur. Noko slikt vil eg ikkje utsetja verken meg sjølv, partiet eller rådhuset for, seier Bjorøy.

– Det gjeld å halda fokus på det som er viktig, ikkje på person, seier Bjorøy.

Apropos ryddighet, kva tenkjer du om Ernst Einarsen sine mange roller?
– Eg oppfattar Einarsen som ein ryddig person. Han har fått urettferdig behandling samanlikna med eindel andre som har gjort langt verre ting, hevdar ho.

Kvifor skal Høgre- og FrP-veljarar gje deg ein slengjar?
– Fordi eg er meg. Det beste er likevel om dei stemmer på Arbeiderpartiet. Eg er ikkje så veldig oppteken av meg sjølv, avsluttar Marianne Bjorøy, Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat i Fjell samtalen med Tunnelsyn.

2 thoughts on “AP-topp Marianne Bjorøy til Tunnelsyn: – Alt er til sals

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.