Gjestekommentar: Høgre og Frp sitt forslag til fjerning av eigedomskatt på verk og bruk vil svekka kommuneøkonomien

Når Øygarden kommune sa ja til å vere vertkommune for to store industrianlegg, så var det ein del av samfunnskontakten at me skulle få eigedomskatt for å utvikla kommunen. Kommunen har brukt skatteinntektene til å utvikla kommunen til det beste for innbyggjarane og næringslivet.

Åse Gunn Husebø
«Folk flest» vil bli ramma i form av redusert tenestetilbod. I Øygarden kan det utgjere inntil 80 årsverk, seier ordførar Åse Gunn Husebø.

Av Åse Gunn Husebø, ordførar i Øygarden kommune (A)

I juni la regjeringa ut høyringsforslag på endring i eigedomsbeskatting på verk og bruk.

Det er med i viss undring eg les Vestnytt 14.08. Der er Statsminister Erna Solberg sitert på at det ikkje er meininga at store gass- og petroleumsanlegg skal betala lang mindre skatt. Eg lurer då på kven ho tenkjer på skal betale mindre skatt, for høyringa peikar spesielt på Petroleumskommunane, og nemner spesielt at vannkraftkommunane er fritatt for endring i skattlegging. For så vidt har ho rett i at store gass- og petroleumsanlegg ikkje skal betala langt mindre skatt, men skatten vil no gå til staten og ikkje til kommunen.

Planlagt i langt tid
Regjeringsplattforma til Frp og Høgre (Sundvollenplattformen) seier; Regjeringen vil: Frita fastmonterte, ikkje-integrete maskiner frå eiendomskatt i indistrianlegg ( gjelder ikkje kraftanlegg).

Dette har Høgre og Frp planlagt lenge.

Ran av kommuneøkonomien
I same dokument står det og: Kommunene skal få beholde en større andel av egne skatteintekter. På eine sida vil dei fjerne ei av dei få skattane som går direkte til kommunane, og i neste omgang lover dei at kommunane skal få behalde meir skatteinntekter. Forslaget gjev staten auka inntekter, og eit ran av kommuneøkonomien.

Eigedomskatt på verk og bruk har eksistert i 120 år, og har jevnleg vore revidert. Den blei tatt inn i eiendomskatteloven så seint som i 2012. I Øygarden takseras denne type eigedom kvart 10.år, og er forutsigbar for næringslivet.

Eigedomskatten som til dømes Statoil betalar til Øygarden kommune, kan dei i neste omgang trekke frå i selskapsskatten og særskatten for petroleumssektoren.

Rammar folk flest
Øygarden kommune har ikkje eigedomskatt på andre næringseigedommar, fritidseigedommar eller bustader. Skulle Høgre og Frp få gjennomslag for forslaget vil det føra til at mange kommunar som ikkje har eigedomskatt, må innføra mellom anna skatt på bustader. Dei råkar dermed «folk flest».

«Folk flest» vil og bli ramma i form av redusert tenestetilbod i kommunen. I Øygarden kommune kan det utgjere inntil 80 årsverk.

Lite att til lokalsamfunnet
Eg ønskjer også regjeringa lukka til med å få etablert nye store industrianlegg, vindmølleparker eller store kraftliner når lokalsamfunnet får lite att for det. Som kommune er me takknemleg for all etablering av arbeidsplassar, men treng økonomi for å utvikla infrastuktur knytt opp til arbeidsplassane.

Samfunnskontrakten
Øygarden har 14 % av arealet i kommunen bunden opp til industriområder. I tillegg kjem areal som er bandlagt i form av omsynssoner rundt røyrgater, oppdemming av drikkevatn etc. Dette er areal som grunneigarane , private eller kommunale, ikkje kan nytta til andre formål.

Eg meiner at når Øygarden kommune sa ja til å vere vertkommune for to store industrianlegg, så var det ein del av samfunnskontakten at me skulle få eigedomskatt for å utvikla kommunen. Kommunen har brukt skatteinntektene til å utvikla kommunen til det beste for innbyggjarane og næringslivet.

I forslaget som Høgre og FrP fremmar, kjem dei ikkje med forslag til erstatning eller overgangsordningar for tapte skatteinntekter. Det vil ramme over 340 kommunar. Det vil ramme tenesteyting til «folk flest».

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s