Nølar med innsending av rekneskapen

Tredelen av aksjeselskapa i region vest har framleis ikkje sendt inn rekneskap for fjoråret til Brønnøysundregistra. Dei som ventar til i morgon, risikerer forseinkingsgebyr.

Alle aksjeselskap er pålagt å føra rekneskap. Rekneskapen er offentleg, og rekneskapen for fjoråret skal vera sendt til Brønnøysundregistra innan 31. August, ifølgje Rekneskapslova.

3.100 registrerte AS
Ved siste årsskifte var det registrert kring 3.100 aksjeselskap i dei fire kommunane vestom Bergen. Gjer du eit søk på Brønnøysundregistra i dag, vil du finna at det så langt berre er i underkant av 2.000 av verksemdene som har oppfyllt kravet.

Flest lovlydige i Fjell
Du vil og sjå at det er mindre variasjonar kommunane i mellom når det gjeld å overhalda innsendingsfreisten: Flest lovlydige vinn vi i Fjell, med eit avvik på i underkant av 30 prosent. Askøy finn vi i andre enden av skalaen: Her er det heile 35 prosent av verksemdene som nølar med innsendinga. Sund og Øygarden ligg midt på treet, med 33 og 32 prosent.

Kan vera avvik
– Brønnøysundregistrene saksbehandlar årsrekneskap akkurat no. Framleis vert det sendt inn rundt 20.000 regneskap per dag, seier kommunikasjonsdirektør Geir Arne Glad i Brønnøysundregistra til Tunnelsyn.

Treighet i sakshandsaminga medfører at talet på innsende årsrekneskap som framkjem ved søk i registra truleg ikkje er heilt rett.

– Det viktige er at vi får inn årsregnskapen innan freisten. Etter freisten vil vi kunne seia kor mange som har levert for seint eller ikkje leverer, held Glad fram.

Forseinkingsgebyr
Dei som nølar, kan risikera at Glad hentar fram riset bak spegelen:
– Er ikkje komplett årsregnskap sendt til Regnskapsregisteret seinast 31. august, vil verksemda verta pålagt forseinkingsgebyr. Grunnlaget for å rekna ut dette gebyret er gjeldande rettsgebyr, som i dag er 860 kroner. Det vert ilagt eitt rettsgebyr per veke dei første åtte vekene, to rettsgebyr per veke dei neste ti vekene, og tre rettsgebyr per veke dei siste åtte vekene. Totalt kan forsinkelsesgebyret bli maksimalt k 44 720 kroner, seier Glad.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s