Fjell aukar bobla i bustadmarknaden

Det var færre bustadar til sals i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy ved utgangen av august samanlikna med juni. I Fjell derimot held talet på ledige bustadar seg stabilt høgt, viser Tunnelsyn sin analyse av den lokale bustadmarknaden.

På få år er bustadmarknaden i region vest snudd. Tre av fire bustadar som er til sals er no ein blokkleilighet.
På få år er bustadmarknaden i region vest snudd. Tre av fire bustadar som er til sals er no ein blokkleilighet.

Det er for tida 440 bustadar til sals i dei fire kommunane. Heile 258 av dei finn vi i vekstkommunen vest for Sotrabrua, ifølgje Finn.no. Det er om lag like mange som ved utgangen av toppmånaden juni.

Dei tre andre kommunane i regionen har alle færre bustadar til sals no enn før ferien. Størst har reduksjonen vore i Askøy der det no berre er 129 bustadar å velja mellom, mot 151 før ferien.

Nybygg
Nybygg-marknaden dominerer framleis. Tydelegast er utviklinga i Fjell, der bustadkjøparane for tida kan velja mellom heile 223 nye bustadar. Dei som ønskjer seg ein eldre bustad har berre 35 å velja mellom.

I Askøy, Sund og Øygarden er balansen mellom bruktmarknaden og nybyggmarknaden betre enn i Fjell. Likevel er det eit knapt fleirtal av nybygde husvære i alle dei tre kommunane.

Politikk
Den politisk prioriterte bustadpolitikken om å byggja leilighetar framfor einebustadar gjev og tydelege utslag i marknadsoversikten. I Fjell er heile 180 av dei 262 ledige bustadane leilighetar. Det inneber at talet på einebustadar har auka frå 36 til 53.

I Askøy kan kjøparane velja mellom einebustadar 43 i ein total marknad på 151 bustadar. Det er 23 færre enn før ferien.

I Sund er 13 av dei 25 ledige husværa leilighetar. Øygardsstrilane derimot har for tida berre tre leilighetar å velja mellom.

Dei fire kommunane har no knappe 18 prosent av den samla bustadreserven i Hordaland.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s