Fleire nyetableringar – færre konkursar

Fjellsokningane toler litt motvind, og har fått opp tempoet når det gjeld nyetableringar. På Askøy og i Øygarden kan det derimot verka som om framtidstrua tok lang sommarferie, viser Tunnelsyn sin gjennomgang av kunngjeringane i Brønnøysundregistra.

rigg ved aker stordNår det bles sterkt er det nokon som søkjar naudhavn. Andre byggjer vindmøller. I Fjell, Sund, Øygarden og Askøy har vi tradisjon for å sjå mulighetar andre ikkje oppdagar. Så langt i år har det blitt starta 238 nye verksemder i dei fire kommunane vestom Bergen.

Fjell peikar seg ut
I Fjell er aktivitetsnivået hos gründerane aukande. Av totalt 114 nye verksemder, kom heile 63 til i månadane mai – august.

Motsett veg gjekk aktivitetsnivået i Askøy. Her sank talet på nyetableringar frå 56 i første tertial til 39 i sommarmånadane.

Tilsvarande var utviklinga i Øygarden, med ein halvering i talet på nyregistrerte verksemder frå åtte til fire.

I Sund vert det stifta ni nye føretak i mai – august, mot åtte i perioden januar til april.

Færre konkursar
Utviklinga i offshoresektoren har så langt ikkje fått konsekvensar i form av fleire konkursar. Faktisk er talet på konkursopningar halvert frå 19 i første tertial til 10 i andre tertial i år.

Det høge aktivitetsnivået i Fjell fører også til at kommunen er den som har flest konkursar. Her sank talet på registrerte konkursopningar frå åtte til seks i perioden. I Askøy vart talet redusert frå fem til tre og i Øygarden frå fire til ein.

Sund hadde ingen konkursar i sommarmånadane, ned frå to i første tertial.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s