Flyktningar skal berga kommuneøkonomien

Å ta mot flyktningar vert god butikk for Fjell. Berre i år vil kommunen få 30 millionar kroner i ulike tilskot. Samanlikna med budsjettet, inneber det eit overskot på 18 millionar, orienterte rådmann Steinar Nesse det avtroppande kommunestyret i dag.

Flyktningar var eit viktig tema då rådmann Steinar Nesse haldt si oppsummering av status for det avtroppande kommunestyret i Fjell i dag.

Fjell har så langt busett 30 flyktningar dette året. 28 ventar på bustad.

Utløyser tilskot
Busetjing av flyktningar utløyser ei rekkje øremerka tilskotsordningar frå Staten, både når dei kjem til kommunen og i åra etterpå. Rådmannen ivrar difor for å få busett flest mogeleg før årsskiftet.

– Fjell står veldig godt rusta til å ta mot flyktningar. Flyktningane vil verta ein betydeleg ressurs i kommunen, sa Nesse.

Lokalmedisinsk senter
Mange av tiltaka som Fjell må gjennomføra for at dei nye innbyggjarane skal få ei god mottaking, er av ei slik art at kommunen uansett ville ha måtta gjennomføra dei. Stordrift vert nøkkelen til at dette skal gå bra, sa Nesse.

– Om vi held stø kurs her, vil overskot på inntektene frå flyktningane kunna finansiera oppstarten av det lokalmedisinske senteret ved årsskiftet 2018/2019, hevda Nesse.

Bustadkontor
For å skaffa eigna bustadar til dei nye innbyggjarane har Fjell oppretta eige bustadkontor, med fem tilsette. Bustadkontoret støvsugar no marknaden etter bustadar ikkje berre til flyktningar, men også til rus-misbrukarar og andre som treng tak over hovudet, ifølgje Nesse.

– Kommunen si kjøpslyst på bustadar bidreg til å sparka i gang nye prosjekt, sa Nesse.

Redusera budstadoverskotet
Talet på bustadar til sals i Fjell har auka månad for månad utover våren og sommaren. I Fjell er det no dobbelt så mange ledige bustadar som i Askøy, som det er naturleg å samanlikna oss med.Siste oversikten viser at det er 258 bustadar til sals i Fjell. I Askøy er talet 129.

Arbeidsløysa
Mange av flyktningane som no kjem, kjem frå Syria. Eit land som har høgare utdanningsnivå enn Norge. Å få godkjent utdanninga deira kan likevel verta ei utfordring, medgav Nesse.

Rådmannen ser ikkje at flyktningane vil utgjera noko ekstra belastning i den lokale arbeidsmarknaden.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s