Rådmannen feilinformerte

Rådmann Steinar Nesse feilinformerte kommunestyret i Fjell då han kom inn på arbeidsmarknadssituasjonen i orienteringa si i dag.

I orienteringa freista Nesse å rosamåla den alvorlege situasjonen på den lokale arbeidsmarknaden.

– Arbeidsløysa i Fjell er på linje med resten av Hordaland, sa Nesse til kommunestyret.

Det er feil. Fjell er råka langt hardare enn i dei fleste kommunane i fylket av nedgangstidene i offshoresektoren. Saman med Sund og Øygarden ligg vi på toppen av ledighetsstatistikken.

I følgje NAV sine siste statistikk over arbeidslause, som kom like før helga, er det for tida 479 heilt ledige i Fjell. I tillegg kjem 46 personar på ulike tiltak.

Tala tilseier at arbeidsløysa i kommunen er på 3,6 prosent, i følgje NAV.

For Hordaland sett under eitt, er arbeidsløysa 2,9 prosent.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s