TVØ-Haugetun til Tunnelsyn: – Her skal kommunegrensa gå!

Å sørgja for at Rong vinn konkurransen mot den marknadsstyrte utviklinga på Ågotnes, vert hovudutfordringa for Tverrpolitisk Valliste for Øygarden og listetopp Børge Haugetun etter valet. Kommunesenteret skal rustast opp, dels i samarbeid med private aktørar, den komande fireårs-perioden.

Med ryggen mot Sotra. Svelgen bru markerer grensa mellom Fjell og Øygarden.
Med ryggen mot Sotra. Svelgen bru markerer grensa mellom Fjell og Øygarden.

Børge Haugetun vil gjerne møta Tunnelsyn på Øygardssida av Svelgen bru – med utsikt – over mot Sotra.

– Så får vi markert kvar kommunegrensa bør gå også i framtida, grunngjev han stadvalet.

-Kommunegrensa betyr mykje for oss. TVØ har programfesta at vi er mot kommunesamanslåing. Kjem vi inn i noko større, er vi redde for at vi gradvis vil verta marginaliserte, og at det gode tenestetilbodet vi har bygd opp siste tiåra vil verta avvikla, utdjupar Haugetun.

Sjølvtillit

Børge Haugetun er full av sjølvtillitt og tru på TVØ sin føreståande valsiger.
Børge Haugetun er full av sjølvtillitt og tru på TVØ sin føreståande valsiger.

Ei kort orientering til dei som ikkje kjenner dei politiske tilhøva i Øygarden: Noverande ordførar Åse Gunn Husebø representerer Arbeidarpartiet, sjølv om den lokale bygdelista har største gruppa i kommunestyret med åtte av 23 representantar.

Du ser det på måten han går på, den rake ryggen. 34 år ung, men med tre periodar bak seg i kommunestyret, lever Haugetun godt opp til uttrykket ”struttar av sjølvtillit”. Ingen skal vera i tvil om at denne karen går for ordførarvervet!

Gjennomføringskraft
Spør du kva som er hans personelege hjartesak, svarar han verken kulturhus, barnehagar eller andre saker du kan lesa om i partiprogrammet. I staden får du det noko uventa svaret at han vil ha gjennomføringskraft i forhald til partiet sine sentrale saker.

– Partiprogramma er relativt like. Hovudforskjellane er den politiske erfaringa. TVØ har hatt ordføraren i fleire periodar, og er kjend for å få gjennomført politikken vår, seier Haugetun.

Gjennomslagskraft: TVØ har eit erfarent mannskap som er kjend for å få gjennomslag for politikken sin.
Gjennomslagskraft: TVØ har eit erfarent mannskap som er kjend for å få gjennomslag for politikken sin.

– Eg er kan hende ung, men ikkje uerfaren. Framfor alt – eg er ikkje aleine. Teamet vårt vert det viktigaste. TVØ har eit erfarent mannskap med bakgrunn frå mange ulike roller, både i kommunestyret og i næringslivet. Vi veit korleis systemet fungerer. Du kan ikkje styra berre gjennom møte. Du må vera tett på! Ha eit synleg leiarskap, men utan å gå i detaljar. Snakka med folk. Fanga opp uventa hindre. Lytta meir enn du pratar. Kan hende ikkje alltid like lett…

Siste setninga lar han henga litt i lufta.

Du er lærar med masterutdanning i statsvitskap, og med militær organisering som spesialisering. Kva kan ei slik erfaring tilføra den politiske leiinga i Øygarden?
– Gløym militæret! Kjem det, nærast som eit skot. Ordførarvervet krev innsikt i styringssystem. Statsvitskapen har gjeve god kjennskap til ulike styringssystem, både i Norge og internasjonalt, seier han.

For heile kommunen
Vonde tunger vil ha det til at TVØ berre representerer halve kommunen. Haugetun utfordrar motstandarane med å be dei samanlikna den geografiske representasjonen på TVØ-lista med listene til dei andre partia.

– Vi fører ein politikk for heile kommunen! Sjølv om ordføraren kjem frå ei bygdeliste, vil ordføraren vera ordførar for heile kommunen. Det gjeld også utanfor kommunegrensa. Akkurat på same måten som når ordføraren representerte eit landsdekkjande parti, insisterer Haugetun.

Eigedomsskatten
Øygarden lever under trusselen om å få eit dramatisk kutt i inntektene, får Regjeringa gjennomslag for forslaget om endringar i eigedomsskatten for verk og bruk.

Dei tek feil!: Skuldingane om at bygdalista TVØ manglar kontaktar på nasjonalt nivå i saka om eigedomsskatten får det til å gneistra i augo på Børge Haugetun.
– Dei tek feil!: Skuldingane om at bygdalista TVØ manglar kontaktar på nasjonalt nivå i saka om eigedomsskatten, får det til å gneistra i augo på Børge Haugetun.

Det gneistrar i augene til Haugetun, og stemma vert skarpare når eg tek opp påstanden om at bygdelista TVØ manglar tilknyting til eit landsdekkjande parti som kan påverka utfallet i saker som er viktige lokalt, men som vert avgjort på nasjonalt nivå.

– Framstillinga er feil! Andre parti går i eigne rekkjer. Vi kan søkja kontakt overalt. Dei vi møter er lyttande, ut frå dei spørsmåla vi stiller, ikkje ut frå kva parti vi tilhøyrer, hevdar Haugetun.

Petroleumsnettverket
TVØ-toppen framhevar i denne samanhangen tidlegare TVØ-ordførar Olav Martin Vik. Han var første leiaren i det nasjonale petroleumsnettverket, med ti kommunar i same situasjon som Øygarden. Sidan Øygarden er einaste kommunen med to olje- og gassanlegg, vart han ein naturleg leiar. Noverande Ap-ordførar har nytta nettverket, og har bidrege med mykje kunnskap inn i organisasjonen.

– Meir enn 300 kommunar er opptekne av denne skatteendringa. Dei tek feil dei som trur at Øygarden er aleine om å kjempa mot lovendringa, eller at vi er utan kontaktar i Stortinget, hevdar Haugetun.

Konkurransen mot Ågotnes
For Haugetun vil Bergen alltid vera Byen med stor B. På Straume har dei spanande planar som det vil vera kjekt om dei får til. Konkurransen i framtida, slik TVØ-toppen ser det, vil først og fremst stå mellom Rong og Ågotnes.

-Det er marknaden som har styrt fortettinga på Rong og på Tjeldstø. Tenestene må lokaliserast ein stad. Rong er eit naturleg sentrum. I mange tilfelle vil likevel Ågotnes vera eit meir aktuelt alternativ enn andre stadar i Øygarden.

– Øygarden må investera mest mogeleg i denne perioden for å styrka sentrumsområdet på Rong. Om Rong ikkje vert robust nok, vil Ågotnes vera delsenter i vårt område, slik at Rong gradvis vert ein utkant i ein eventuell storkommune. Medan motoren i utviklinga på Ågotnes har vore marknadsstyrt, har utviklinga på Rong vore kommunalt styrt der dei private har sikra senteret.

-Vert Rong for svakt, risikerer vi å få ei større avskalling av kommunale tenester enn om vi har eit robust tenestetilbod før ei eventuell kommunesamanslåing, argumenterer Haugetun.

– Avstanden frå Rong til Ågotnes vert viktigare dess lenger nord i kommunen du kjem. Særleg dersom vi i framtida vert nøydde til å redusera det kommunale tenestetilbodet, seier han.

Næringslivet si rolle
Utviklinga på Rong er resultatet av samarbeid mellom kommunen og private utbyggjarar. Bak Rong senter står investeringsvillige eigarar med vilje til å satsa. Utan kommunal vilje til å flytta fleire kommunale tenester frå Tjeldstø til Rong, hadde senteret likevel ikkje vorte ein realitet, hevdar Haugetun.

Å samarbeida med næringslivet er viktig, sjå berre på kaien i Naturgassparken, utdjupar han.

– Det er viktig å ha klart for seg at vi har ulike roller. Det må også vera transparente forhald, understrekar Haugetun.

Marknadsstyrt
Øygarden har, i likhet med Fjell og Sund, vore mellom dei raskast veksande kommunane i landet siste tiåra. Kommunen har klart å handtera den veksten som har vore, så langt. Kor sterk vekst kommunen med sine knappe 5.000 innbyggjarar toler framover, overlet Haugetun til marknaden å avgjera.

Det er marknaden som avgjer kvar den største veksten kjem, kommunen må leggje til rette. Største veksten siste 20 åra har vore i dei søndre krinsane særleg Toftøy og Rong. Målsetnaden er å få vekst i heile kommunen. Det må leggjast tilrette for å byggje både i felt og i bygdene. Tjeldstø eit delsenter i nord med eigen reguleringsplan, men Rong er klart sentrum, understrekar Haugetun.

– For å tilretteleggja for vidare vekst vert det viktig å få til ei god vassforsyning, utvida skulen på Rong, byggja fleire barnehagar og få på plass ein idretts- og kulturhall, ramsar han opp.

Vellukka kommunesamarbeid
– Kravet om robuste kommunar har etterkvart blitt tona ned i samanhang med kommunereforma. I staden har det blitt framheva kva tenestetilbod kommunane må ha. Her kan vi godt samarbeida tettare med Fjell og Sund, seier Haugetun.

– Samarbeida Øygarden har med Fjell har vore veldig vellukka. Nokon av dei har hausta nasjonal anerkjenning. Fjell har hausta merksemda, men både Øygarden og Sund har støtta aktivt opp og bidrege til gode prosessar, understrekar Haugetun.

Sjølv ikkje ein storkommune vestom brua vil klara å løysa alle oppgåver, seier Haugetun. Infrastruktur er eitt døme. Skal ein få til gode løysingar på dette området, må ein samarbeida med både Bergen og Askøy.

Mot kommunesamanslåing
Sjølv om TVØ har programfesta eigen kommune også i framtida, kjem Øygarden ikkje unna det statlege pålegget om å utgreia ei eventuell kommunesamanslåing.

– Fjell, Sund og Øygarden einaste alternativet som er aktuelt å utgreia, forsikrar Haugetun.

Kommunelova tilseier at kommunestyret er suverent. TVØ-toppen har merka seg at Stortinget og Arbeiderpartiet distanserer seg frå Regjeringa sitt pålegg om tvang, i alle fall i denne omgangen.

Sjølv om Øygarden held fram som eigen kommune også etter denne perioden, er det likevel ikkje sikkert at dei får lov å leva aleine så veldig lenge:

– Jonas Gard Støre snakkar om at det på sikt kan vera aktuelt å få til ei samanslåing av kommunar med naturlege grenser. Kommunane vestom Sotrabrua er eit slikt område, konkluderer Haugetun.

Går det likevel slik til at det vert ei samanslåing, lovar Haugetun å kjempa fram så gode avtalar for innbyggjarane i Øygarden som mogeleg.

Kva er den ideelle politiske alliansen etter valet?
– No er det valkamp. Vi jobbar vi for at TVØ skal få eit så godt resultat som mogeleg, og at vi skal koma i posisjon. For oss er det viktigaste å sitja i førarsetet.

– Når valresultatet er kjent, får vi sondera terreng og sjå kva som er mogeleg å få til. Det er ikkje aktuelt å ta stilling til dette no, seier han.

Kvifor skal veljarar frå SV og FrP gje deg ein slengjar?
– Det er betre at dei nyttar stemmeseddelen vår. Om dei absolutt skal gje slengjarar, bør dei nytta vår stemmeseddel, og gje slengjarar til SV og FrP, oppsummerer Børge Haugetun, TVØ sin listetopp, samtalen med Tunnelsyn.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s