Tamt og føreseieleg, men velregissert

Vestnytt-redaktør Marit Kalgraf hadde full kontroll, over politikarane, spørsmåla og publikum, under kveldens valkamputspørjing i Fjell. Ikkje eit minutt over tida.

Om valet av klesdrakt var tilfeldig, er ikkje så lett å seia, men kveldens ordstyrar, Marit Kalgraf, stilte i blå uniform med gullstriper.

Dama er dyktig, ingen tvil om det. Jammen klarte ho ikkje å få politikarane til å diskutera dagens hovudoppslag i monopolavisa – ei sak som Tunnelsyn.no forresten omtalte alt torsdag ettermiddag.

Krevjande oppgåve
Når kommunen har 12 ordførarkandidatar, og du inviterer samtlege – noko du skuldar lokaldemokratiet – vert det ei krevjande oppgåve å sørgja for at alle kjem til orde. Ordstyrar Kalgraf løyste det med at samtlege fekk tre minutt innleiingsvis til å presentera seg og partiet sitt.

Underhaldning?
Ja, det går an å pønska ut mange morosame #kandulove-spørsmål til politikarane. Det fekk vi fleire døme på i løpet av kvelden. Slikt kan vera god underhaldning.

Med så knapp tid til disposisjon, er det likevel aktuelt å spørja om tida kunne ha vore betre nytta til å stilla oppfølgjande spørsmål til eindel av politikarane i panelet.

Resignerte
Særleg sakna eg ei tydeleggjering av kva politikarane eigentleg har tenkt å gjera for å skaffa fleire arbeidsplassar i kommunen. Sjølv om samtlege understreka behovet for nye arbeidsplassar, verka det som om dei fleste har resignert og er klar til å overlata oppgåva til næringslivet.

Fotavtrykk for sykkelvegar
Miljøpartiet dei grøne burde ha fått spørsmål om dei ikkje ser miljøet for berre klima? Kor stort arealmessig fotavtrykk må til for å byggja det nettverket av sykkelvegar som dei ønskjer seg? Er dei klare til å fylla enno meir stein ut i Straumsundet og i det sårbare sjøområdet mellom Bildøy, Foldnes, Råna og Kolltveit for å at sykkelvegane skal verta røyndom?

Utbyggingsalibi?
Venstre burde ha fått spørsmål om korvidt hardkjøret for å fremma dei føreslegne vegstubbane Hjelteryggen – Våge, og Straume – Ebbesvik eigentleg er tenkt for å utløysa nytt byggjeland, heller enn å fremma kollektivtrafikken og redusera køproblema.

Spørsmål frå salen
Framfor alt burde det ha vore sett av mykje meir tid til spørsmål frå salen. To spørsmål heilt på slutten av møtet var for lite. Ordstyraren burde ha sett behovet for å varma opp publikum og få fram dei overraskande temaene, noko den stramme møteregien ikkje tillot.

Straumeplanen
Som innbyggjar på Straume kunne eg tenkt meg å få fram noko av politikarane sine visjonar for revisjonen av Straumeplanen. Å la dei sleppe unna med å henvisa til at det er vedteke at Straume skal vera eit regionsenter er for svakt. Korleis vil politikarane utnytta området mellom Rådhuset og Sartor senter som vert ”frigjort” i samband med det nye Sotrasambandet? Kva med fortetting av bustadområda utanfor dette nye senterområdet? Kan dei lova at ingen bustadar vil verta rivne?

Eg er sikker på at mange andre i salen også brann inne med viktige spørsmål. Her svikta møteleiinga.

Tunnelsyn deler ut poeng til:
* Andreas Sjalg Unneland (SV) for godt informerte og munnrappe svar, både når det gjaldt lokal, fylkeskommunal og nasjonal politikk. Ein lovande ungdomspolitikar som slett ikkje lar seg stoppa av manglande erfaring.

* Tom Georg Indrevik (H), som la an til å opptre som den ansvarlege ordføraren.

* Olav Kobbeltveit (V) var på hogget kontinuerleg.

* Karin Bjærum (Kystpartiet) hadde det mest originale innslaget: Ho sang heile første vers av ”Barn av regnbuen” av Lillebjørn Nilsen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.