Vil tildela milliardoppdrag utan anbodskonkurranse

Askøy kommune vil ha avtalen med utbyggjar av Kleppestøbyen på plass før plansmia i november. Entrepenørselskapet som skal førestå den framtidige milliardutbygginga skal få ei sentral rolle i utforminga av planen.

siv høgtun
Ordførar Siv Høgtun legg planar over hovuda på innbyggjarane i Kleppestø, og vil ikkje ha nokon diskusjon om utbygginga før valet.

Ordførar Siv Høgtun og rådmann Odd Magne Utkilen har visjonar om ein Kleppestøby med fleire tusen bustadar, butikkar, kulturhus og hotell.

For stor
Etter tre års planlegging og fleire titals millionar kroner i kostnadar, utan at nokon plan er politisk vedteken, har kommunen innsett at milliardutbygginga er for stor til at dei sjølv kan handtera prosessen. Istaden vil dei inngå eit offentleg – privat samarbeid med ein stor utbyggingsaktør.

Utan anbod
Askøy kommune kjem ikkje til å lysa ut nokon anbodskonkurranse på milliardoppdraget, bekreftar teknisk sjef Ivar Ådlandsvik i ein epost til Tunnlesyn.no.

Kritierene for val av utbyggjar er svært einkle: Einaste krava, er at verksemda må ha kompetanse, erfaring og referansar frå tilsvarande prosjekt. Dei må dessutan ha økonomisk ryggrad til å finansiera utbygginga, ifølgje Ådlandsvik.

– Samarbeidspartner vil vera klar før plansmia, og vil vera ein viktig aktør i plansmia, skriv Ådlandsvik.

Ikkje avgjort
Undervegs har administrasjonen presentert visjonen for Kleppestøbyen for fleire store utbyggingsaktørar, mellom anna Vestbo, NCC, Veidekke og ByBo. Før ferien var administrasjonen i Oslo og hadde samtalar med Selvaag Eiendom AS.

Kven som får oppdraget er ikkje avgjort, ifølgje Ådlandsvik.

Krava til utbyggjar inneber at mindre lokale aktørar er ekskludert frå den overordna planlegginga.

Over hovudet på innbyggjarane
Innbyggjarane på Kleppestø mislikar sterkt både planane og prosessen så langt. Dei kallar prosessen udemokratisk og har fått utforma eit alternativt og mindre omfattande planforslag. Innbyggjarane har også fått kommunestyret med seg på å det skal arrangerast ei plansmie, slik at innbyggjarane også skal kunna medverka i prosessen.

Plansmia skulle ha vore arrangert før ferien, men vart utsett til etter valet etter innspel frå den politiske styringsgruppa.

Norconsult
Til å avvikla sjølve plansmia har Askøy kommune hyrt inn Norconsult, skriv byplanleggjar Bente Karlsen i ein epost til Tunnelsyn.no.

Valet av er gjort etter ein minikonkurranse mellom planleggjarselskapa Askøy kommune har rammeavtaler med, ifølgje byplanleggaren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s