FrP-topp Svein Otto Jacobsen – ikkje så veldig populistisk likevel

Betre å vera ein utkant i noko stort, enn ein utkant i noko lite, seier FrP-topp Svein Otto Jacobsen i Sund. Partiet har programfesta kommunesamanslåing med Bergen – som einaste alternativ.

FrP-topp Svein Otto Jacobsen i Sund vil gjerne gje Sundferja avløysing.
FrP-topp Svein Otto Jacobsen i Sund vil gjerne gje Sundferja avløysing.

Ressurssituasjonen tilseier at Tunnelsyn må tenkja smartare enn andre media i regionen. I valkampen har vi difor valt å intervjua dei mest aktuelle utfordrarane til ordførarverva. Tidlegare har vi intervjua Marianne Bjorøy (Ap) i Fjell, og Børge Haugetun (TVØ) i Øygarden.

I Sund er Svein Otto Jacobsen (FrP) utfordrar. Med fire kommunestyrerepresentantar av 25 – vert redusert til 21 etter valet – kjempar partiet med Arbeiderpartiet om å vera nest størst i politikken sør på Sotra.

Politisk rebell
Planen var at intervjuet skulle gjennomførast på arbeidsplassen – Jacobsen er HMS-koordinator i ei entrepenørverksemd i Bergen. Tillatinga frå arbeidsgjevaren kom aldri, så vi gjekk for Plan B – båttur rundt Lerøy og Bjelkarøy.

Med utvaska jeans, blendakvit t-skjorte og vekegammal sjeggstubb gjer Jacobsen det han kan for å leva opp til forventningen om ein politisk rebell. Sveittedropane på panna røpar imidlertid at den blåblanke solskinsidyllen i båthavna i Klokkarvik står i fare for å sprekka. Vel om bord i 24-fotaren røpar hakkande lydar frå motoren årsaka til bekymringa.

– Bruktbåt, nærast fnysar han medan han febrilsk leitar etter kjelda til ulyden. Det viser seg at motoren ikkje likar å bakka. Straks kursen vert sett framover, går alt så mykje betre.

Sjøen er viktig
Sjøen er viktig for den lokale FrP-toppen. Først og framst som rekreasjon. Båtliv var ein naturleg del av oppveksten på Askøy. Å setja kursen utpå, med eller utan fiskestang, er framleis ei velkomen puste- og tenkjepause frå både politikk og jobb.

Men også politikaren ser sjøen som viktig: Fjordabåtane si tid er forbi, men marin verksemd utgjer hjørnesteinen i næringslivet i Sund. Sekkingstad og Sotra Fiskeindustri aleine har ein samla årleg omsetnad på kring to milliardar kroner, og kan konkurrera med CCB i Fjell når det gjeld inntekt. At fiskeindustrien i Sund gjev færre lokale arbeidsplassar enn offshorebasen gjev i nabokommunen, er Jacobsen likevel mindre glad for.

Betre veg, no!
Frå det lokale næringslivet spring samtalen over på samferdsel, ein annan av Jacobsen sine kampsaker.

Han og – i likhet med nær 6.000 andre sundsokningar – er mektig irritert på den smale og svingete vegen frå Fjell sentrum og til heimkommunen:
– Fylkesvegen frå Fjell til Sund er ikkje laga for tungtrafikk, eller dagens tilhøve. Dei mange vogntoga som dagleg køyrer til og frå industriverksemdene på Skaganeset og i Porsvika fortenar betre vegar. Omsynet til tryggleiken til alle dei som bur og ferdast langs vegen tilseier at vegen burde hatt både fortau og sykkelsti, hevdar FrP-toppen.

Ferjeavløysingsmidlar
Det mykje etterlengta fastlandssambandet til Lerøy og Bjelkarøy vil kunna medverka til å løysa problema – men først på lang sikt. Noko av føremålet med båtturen var å visa Tunnelsyn-journalisten at avstanden frå Hjellestad og over mot Bjelkarøy slett ikkje vert nokon utfordring for flinke vegingeniørar. Tvert om: Delar av strekkja er alt lagt inn i vedtekne reguleringsplanar, hevdar Jacobsen.

600 millionar i ferjeavløysingsmidlar er nok til å gje øyane vegsamband i retning Bergen. Hovuddistansen Klokkarvik – Lerøy er likevel såpass lang at øybuane i oversikteleg framtid må vera budde på å køyra via Fana og Bergen når dei har ærend i Sund.

”Austfast” neste?
Uansett – det hastar med å få fastlandssambandet på plass – før øyane vert avfolka, understrekar Jacobsen.

Det er ikkje tid til å venta på planar og finansiering av ein tunnel under fjorden frå Lerøy over til Klokkarvik. Eit slikt samband kan tenkjast å inngå som del av eit framtidig ”Austfast”- med undersjøisk tunnel over til Austevoll – ikkje så lange distansen det heller.

Det var partikollega og Stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad frå øykommunen i sør som lanserte den nye og forbetra ordninga med ferjeavløysingsmidlar på fylkesvegnettet. Jacobsen vil likevel ikkje vera med på noko reknestykke om korleis midlane kan bidra til å gjera Austevoll landfast og gjenforeina den tette kontakten mellom nabokommunane Austevoll og Sund.

Finansiering av ei ”Austfast-løysing” som involverer både Bergen, Sund og Austevoll er i dag heilt i det blå, skal vi tru Jacobsen.

Solskinshistorie
Ingen som møter Svein Otto Jacobsen, ser at han er ein vandrande solskinshistorie om inkluderande arbeidsliv. Etter mange år som kranførar byrja kroppen å krangla. Sjukefråværa kom tettare og tettare. Gjennom eit samarbeid mellom arbeidsgjevaren og NAV, fekk han vidareutdanna seg til HMS-koordinator, og ei nyoppretta stilling i entrepenørverksemda. I dag er han i full vigør.

Jacobsen måtte sjølv stå på og ta initiativ til IA-ordninga, men då gjekk det greit å få støtte både av arbeidsgjevaren og NAV, rosar han.

Samtalen kjem seinare inn på forfattaren og filosofen Ayn Rand og verdien av det individuelle initiativet. Eit ideal Jacobsen later til å setja høgt, i likhet med mange av partifellene.

Inkluderande arbeidsliv
IA-erfaringa vil han ta med seg i inn politikken. Sund kommune slit med høgt sjukefråvær, særleg innan helse og omsorg.

– Det er betre at vi legg til rette for at folk kan stå i arbeid dei klarar utføra, så lenge som råd, framfor at dei slit seg ut og vert parkerte på sidelina i tidleg alder, seier Jacobsen.

Sund kommune som arbeidsgjevar fekk hard kritikk under evalueringa med Kommunekompasset. Bakgrunnen hadde mellom anna med lønssystemet å gjera, og var noko rådmannen alt hadde byrja gripa fatt i, unnskuldar Jacobsen.

– Politikarane skal ikkje detaljstyra når det gjeld løn. Vi kan koma med retningsliner som at midlane skal nyttast til å styrka til dømes helse, eller barnehagar. Når rammene er vedtekne i budsjettet, får rådmannen ta ansvar for fordelinga, seier Jacobsen.

Ikkje dermed sagt at tilsette som ønskjer seg full stilling ikkje skal få det. Så sant det er praktisk mogeleg, skal slike ønskjer oppfyllast. 100 prosent stilling til dei som ønskjer det er eit mål for god arbeidsgjevarpolitikk. Godt jobbtilbod er også eit verkemiddel for å sikra at innbyggjarane vert buande i kommunen.

Sund FrP går til val med kommunesamanslåing på programmet– Bergen er einaste alternativ. Kva gale har vi fjellsokningar gjort?

Måten Fjell har handtert temaet på, er berre litt av forklaringa, forsikrar han:

– Sund kan ikkje klara oss aleine så lenge. Til det har vi altfor mange tunge og krevjande oppgåver framfor oss, mellom anna innan eldreomsorg. Sund har og mange innbyggjarar som pendlarar til Bergen. Vert Sund del av Bergen, vert det lettare å hevda deira interesser, seier han.

– Betre å vera ein utkant i noko stort, enn ein utkant i noko lite, hintar han… og antydar at Bergensalliansens Bergen 11+ er ei løysing som appellerer.

Men, først må Sund gjennomføra den pålagte utredninga, og då må også Fjell, Sund og Øygarden-alternativet vurderast. Så spørs det kva dei andre partia landar på. Vert det behov for forhandlingar om den framtidige kommunegrensa, har ikkje Jacobsen planar om å stå steilt på prinsippa.

Pepar for skulenedlegging

I spørsmålet om skulestrukturen har Svein Otto Jacobsen og Sund FrP hatt stø kurs framover, utan å skjela til lettkjøpte stemmer.
I spørsmålet om skulestrukturen har Svein Otto Jacobsen og Sund FrP halde stø kurs framover, utan å skjela til lettkjøpte stemmer.

Endringane i skulestrukturen har fått sundsokningane til å gløda i heile sommar. Tre skular er for lite, meinar kritikarane i FAU. Attpåtil er skulane altfor små. Dei er ikkje dimensjonerte for den rekordhøge folkeveksten i kommunen.

Er du så historielaus at du spør Jacobsen om han vil utnytta kontroversen til å sanka stemmer, til dømes med å krevja at den nedlagde skulen i heimbygda, FrP-bastionen Klokkarvik, skal takast i bruk att, oppdagar du fort at påstandane om FrP sin populistiske politikk ikkje nødvendigvis er sanne:

– Sund FrP gjekk til val i 2007 på at skulestrukturen skulle endrast. Vi fekk det ikkje gjennom i den perioden, men tok det oppatt i 2011, og fekk gjennomslag, seier han nøgd.

– Vi har fått mykje pepar for forslaget, men eg trur det roar seg. Før hadde vi problem med å skaffa rektor til småskulane. No kan vi tilby elevane eit forsvarleg pedagogisk tilbod. Store skular kan nok verka skremmande for dei som kjem frå ein liten, men alt er ein overgang. På ein stor skule er det jo så mange fleire å verta kjent med.

Stranda skule har kapasitet til 400 elevar. At kapasiteten kan utnyttast betre enn i dag, er Jacobsen overtydd om.

Ja til eigedomsskatt
Eigedomsskatten er ein bjelke i auga på eitkvart FrP-medlem. I Sund har Jacobsen og hans partifeller motvillig måtta medgje at dei 11 – 12 millionane kommunen årleg får inn i eigedomsskatt på bustad, verk og bruk kjem godt med i ein slunken kommuneøkonomi.

– Faren er at eigedomsskatten freistar oss til å la vera å leita etter kostnadar som kan kuttast. Då skatten vart innført, tok det ikkje lang tid før utgiftene este ut i samsvar med det nye inntektsnivået, sukkar Jacobsen.

FrP-ideologen Milton Friedman må heilt klart ha hatt ei langt einklare oppgåve då han formulerte sine økonomiske teoriar om det offentlege sin plass i det kapitalistiske samfunnet.

Turbulens
Om det var skulesaka, eigedomsskatten eller noko anna som låg bak, vil Jacobsen ikkje seia noko om. Faktum er at valkomiteen i Sund FrP freista kasta han frå førsteplassen på lista under nominasjonsprosessen i vår.

– Slikt skjer overalt, seier Jacobsen. I etterkant har han tydelegvis klart å samla troppane. Heile lista har trufast følgt oppfordringa om å skriva lesarinnlegg til lokalavisene om saker som opptek dei.

Sett frå Fjell framstår Jacobsen som den listetoppen i regionen som best har lukkast i å få fram breidda i mannskapet, utan å falla for freistinga til å framheva seg sjølv.

Skifta beite
Om Jacobsen ikkje vert ordførar, kan han godt tenkja seg å skifta beite, frå formannskapet der han har sete i to periodar, til plankomiteen.

-Vi må gjera det einklare for folk å få bygd seg ein bustad, eller utvikla eit næringsområde. Sund har ei lang strandsone som toler meir utbygging, seier han.

Dei nye foreinklingane i Plan- og bygningslova har han berre godt å seia om, sjølv om han ser at frisleppet kan vera kjelde til konflikter. Kan hende vert det fleire konflikter i meir tettbygde strøk enn i framleis spreiddbygde Sund.

Sjølv om einskilde går så langt som til å kalla kommunalminister Jan Tore Sanner for ”konfliktminister”, støttar Jacobsen fullt opp under behovet for å snakka med naboen før ein set i gang tiltak som kan vera kontroversielle.

Frivillig innsats
Frivillig innsats er ein grunnpilar i ein anstrengt kommuneøkonomi. Det går an å samarbeida tettare med dei frivillige organisasjonane, til dømes når det vert spørsmål om besøksteneste for eldre.

At kutta i kommuneøkonomien fører til at dei frivillige organisasjonane til ein viss grad utfører tenester som kommunen treng, og som kommunen eigentleg burde ha betalt for, i form av nye arbeidsplassar, er tydelegvis ein ny tanke.

For å løysa nokon av utfordringane i tilknyting til eldreomsorga bør Sund bør verta forsøkskommune for ein ny modell med statleg finansiert eldreomsorg, har Jacobsen føreslege. Målet er at dei eldre skal få den hjelpa dei treng, uansett kommunen sin økonomi, slik at dei kan verta buande heime lenger.

– Det å ha navnet sitt på dørskiltet er viktig for dei eldre, seier Jacobsen.

Kvifor bør veljarar som stemmer SV og SP gje deg ein slengjar?
– Alle veljarar bør gje FrP sine kandidatar ein slengjar slik at dei kan få betre infrastruktur, betre eldreomsorg, betre skular og raskare og einklare byggesaksbehandling, avsluttar Svein Otto Jacobsen, listetopp for Sund FrP, intervjuet med Tunnelsyn.no

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.