Ny trafostasjon skal sikra straumforsyninga

BKK Nett investerer for tida 50 – 60 millionar i ein ny trafostasjon på Hammarsland. Stasjonen skal bidra til å sikra at straumkundane på Sotra får straum i kontakten heile døgnet, heile året.

Den nye trafostasjonen på Hammersland skal møta framtidig vekst i straumforbruket, seier prosjektleiar Asgeir Norevik i BKK.
Den nye trafostasjonen på Hammersland skal ha overføringskapasitet til å møta framtidig vekst i straumforbruket, seier prosjektleiar Asgeir Norevik i BKK.

– Den nye trafostasjonen skal bidra til å sikra straumkundane mot uføresette, lengre brot på straumforsyninga, seier prosjektleiar Asgeir Norevik og prosjekteringsansvarleg Henning Kvale i BKK Nett til Tunnelsyn.no.

Utdatert
Den gamle trafostasjonen vart bygd på den tida då straumen først kom til Hammarsland, og tilfredstiller ikkje lenger dagens krav til forsyningssikkerhet, fortel Kvale.

– Belastninga på straumnettet i Hammarslandsområdet er i dag heilt i grensa til det forsvarlege, særleg i kuldeperiodane vinterstid. Når trafoen vert teken i bruk neste år, vil overføringskapasiteten i lokalnettet verta auka frå 12 til 65 MW, seier Kvale.

Frå bygd til by
Trafostasjonen på Litle Sotra skal gjennom ei tilsvarande oppgradering. Dessutan skal heile straumnettet på Sotra rustast opp. Kapasiteten i nettet må aukast slik at han toler veksten i straumforbruket. BKK vil dessutan ha fleire omkøyringsvegar som kan sikra forsyninga om delar av nettet dett ut.

– Dagens straumkundar forventar at det er straum i kontakten, heile døgnet. Men denne oppgraderinga vil BKK Nett stå rusta til å levera den kapasitetsauken som krevst for å forvandla Sotra frå bygd til by, seier prosjektleiar Norevik.

Les også:
Forsvarar naturinngrep

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s