Regjeringa tredoblar støtta til utprøving av ny O&G-teknologi

Olje- og energiminister Tord Lien (FrP) hadde ingen nye utbyggingar i ermet då han var innom CCB på snarvisitt i dag. Som ein lekkasje frå Statsbudsjettet kunne han derimot røpa at støtta til demoprosjektet for utprøving av ny olje- og gassteknologi vert tredobla neste år.

tord lien m rigg
Olje- og energiminister Tord Lien vil hjelpa olje- og gassnæringa til å jobba smartare, for å få ned kostnadane. Riggen i bakgrunnen er ein av tre som for tida ligg «på vent» ved kaien på CCB.

Det norske olje- og gasseventyret hadde ein kontinuerleg opptur frå tusenårsskiftet fram til i fjor. For å møta kravet om utvida kapasitet investerte CCB, saman med FMC og Aker Solutions, til saman kring 2,2 milliardar kroner dei seinaste åra i forventning om vidare vekst.

Skrudde av brytaren
– 2014 var eit fantastisk år, alle pilane peika oppover. Så var det som om nokon skrudde av brytaren, fortalte sals- og marknadssjef Arne Aarvik ministeren som besøkte subsea-klyngen for første gong.

Tre riggar ligg for tida ”på vent” på ubestemt tid ved kaien på Ågotnes. Fleire hundre arbeidarar har blitt oppsagt. Ordresituasjonen er dramatisk, og det er fare for ytterlegare nedbemanningar.

– Mister bransjen først den kompetansen som er opparbeida i Ågotnes-området, vil det verta vanskeleg å levera når aktivitetsnivået i Nordsjøen tek seg opp att, åtvara Erik Skaar Pettersen i FMC Technologies og Arild Hansen i Aker Solutions.

Ser alvoret
Olje- og energiministeren har oppfatta alvoret i situasjonen.
– Dette er verre enn finanskrisa. Olje- og gass er ein syklisk bransje, og det vil enno ta frå seks til 36 månadar før det snur, spådde han.

Kostnadar som gjekk over styr, var noko av forklaringa på krisa. Her har bransjen ein jobb å gjera, understreka han.

Utprøva ny teknologi
– For å hjelpa bransjen til å jobba smartare, vil Regjeringa i Statsbudsjettet tredobla støtta til forskningsrådet sitt program for utprøving av ny teknologi innan olje- og gass, sa Olje- og energiministeren.

Lovnaden inneber at den årlege løyvinga til forskingsprogrammet på kring 50 millionar kroner, neste år vil verta auka til 150 millionar.

Subsea-klynga
Mykje av teknologien er alt utvikla, mellom anna av dei 65 verksemdene som er tilknytt subsea-klynga på Ågotnes. Før oljeselskapa kan ta teknologien i bruk på norsk sokkel må han testast ut under reelle tilhøve og kvalifiserast.

– Meirverdien på den olja som kan hentast opp frå norske oljefelt vil kunne finansiera forskings- og utviklingsarbeidet, undertreka Lien.

– Eg tvilar på om demoprogrammet kan berga arbeidsplassar i første halvår 2016, men på lang sikt, vil det vera tilfelle, sa Lien.

Auka utvinninga frå eksisterande felt
Oljepengane står for mellom 20 og 25 prosent av den norske velferden. Innføring av ny og smartare teknologi har spela ei nøkkelrolle i det norske oljeeventyret. Langt meir olje er henta opp enn opphaveleg føresett, og enno kan vi verta betre på å utnytta felt i tilknyting til eksisterande infrastruktur.

– Myndighetene er opptekne av at ressursar i tilknyting til eksisterande felt og infrastruktur ikkje vert skusla vekk, sa Lien.

Redda av Sverdrup
Sverdrup-utbygginga er det feltet som reddar aktiviteten på norsk sokkel for tida. Norske aktørar har fått tildelt mange av dei store kontraktane, sa Lien.

Castberg- og Pil og Bue-felta vil også verta bygde ut med det første, lova Lien. Noko utbygging utanfor Nordland vil derimot ikkje koma.

Pålagt vedlikehald?

Olje- og energiministeren ba om ein omvisning på CCB, for å få betre inntrykk av situasjonen.
Olje- og energiministeren ba om ein omvisning på CCB, for å få betre inntrykk av situasjonen. Her lyttar han til Jan-Dagfinn Lund, sjef for forretningsutvikling i CCB.

Oppdragstørken på Ågotnes gjeld ikkje berre nye prosjekt:

– Mange oppgåver innan vedlikehald og modifikasjonar vert også sette på vent. Vi ønskjer svært gjerne å halda på den kompetansen vi har her ute, sa Erik Skaar Pettersen, ansvarleg for norske prosjekt i FMC Technologies. Han oppfordra myndighetene om å innføra krav om at desse vedlikehalds- og modifikasjonsprosjekta må gjennomførast.

Mongstad neste
Frå Ågotnes skulle olje- og energiministeren vidare til Knarvik. Her vert framtida til Mongstad eit heitt tema.

– Olja vert ført i land i Hordaland, men skal den prosesserast her? Eg har ikkje noko svar å gje i dag. Det er likevel klart at vi er avhengig av å ha raffineringskapasitet i Norge i framtida, sa Lien.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s